Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 30. jan 2025

Innlegget
Me har høyrt fleire her peika på at det er Senterpartiet som er proppen for at ein ikkje har kome lenger i natursaker. Til det vil eg seia at me i Senterpartiet kanskje har ei litt anna tilnærming til naturpolitikken, nemleg at det er forvalting av natur som skal vera det berande prinsippet. Forvaltartankegangen ligg tungt over vårt parti. Det betyr at me skal overlevera naturen i betre stand til neste generasjon enn då me overtok han. Då er det ikkje prosentvern som er måleparameteren, men kva tilstand naturen er i: om det er slik at me òg i fortsetjinga kan bruka naturen til å sikra skog, at me kan bruka skogen til å gje oss tømmer som kan bidra til karbonfangst og bioenergi, at havet framleis gjev oss fisk og sjømat, og at jorda faktisk kan produsera mat. Det er i tråd med den forvaltartankegangen me representerer. Eg vil hevda at forvalta natur er meir normalen enn verna natur i det karrige landet me har. Me har altså brukt naturen til å gje oss mat og naturressursar. Det meste av natur i Noreg er påverka av menneske, det er lite natur som er rein urskog eller villmark. Difor meiner eg me òg framover må bli betre på å forvalta naturen. Det skal me gjera gjennom berekraftig bruk, der me tek i bruk auka og ny kunnskap som gjev betre forvalting, men som ikkje nødvendigvis fører til meir vern. Det har vore interessant å følgja desse debattane som har gått i det siste, der det verkar som det einaste svaret til miljørørsla er å leggja ei større og større osteklokke over dette landet, i staden for å gå inn og sjå på korleis me kan lykkast med å bruka naturen på ein måte som kan gje oss meir verdiar i åra som kjem. Seinast er det f.eks. illustrert med dei som har teke til orde for å skulla stoppa jakt i verneområda. Det er eit forslag som ikkje har rot i ei forvaltartenking, men som ser på natur som noko ein berre skal ut og sjå på og ikkje leva i samspel med. Det er ei utvikling eg vil åtvara mot. Eg håpar me i naturdebatten framover òg kan ha ein inngang som gjer at me framleis kan driva med aktivt skogbruk i dette landet, at jordbruket også er ei viktig næring, og at havet framleis er ei viktig næring langs kysten som gjev oss både mat, verdiskaping og arbeidsplassar. Det er fullt mogleg å kombinera det å ta vare på natur med faktisk å leva av naturen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat