Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. feb 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Fyrst vil eg starta mitt innlegg med å takka Raudt og SV for representantforslaget. Det er ingen tvil om at me treng ei skikkeleg regulering av korttidsutleige, og Miljøpartiet Dei Grøne vil stemma for alle forslaga. Å gjera vanlege bustadar om til feriebustadar er ikkje den delingsøkonomien Miljøpartiet Dei Grøne jobbar for, for her vert heile logikken snudd på hovudet. I delingsøkonomien skal me dela på goda me har overskot av, så me slepp å byggja og kjøpa nytt og forbruka unødvendig mykje. No er utviklinga med Airbnb-utleige med på å auka bustadkrisa. Færre bustadar vert tilgjengelege for folk som treng hus, og behovet for å byggja meir i natur og grøne lunger aukar. Sånn treng me ikkje å ha det. Noreg kan ta grep, som alle andre land rundt oss har gjort, og ta politisk kontroll over korttidsutleige i byane. Med aktive grep kan Stortinget sørgja for at me i alle fall reduserer køen av bustadlause studentar til hausten, som følgje av at altfor mykje av bustadmassen er teken av langtidsleigemarknaden for heller å verta tilbydd rike turistar, turistar som burde bu på hotell og bidrege til det lokale næringslivet i hotellbransjen. Me har ikkje stort overskot av bustadar i byane. Difor burde me prioritera plassen til dei som skal bu her. Me i Miljøpartiet Dei Grøne vil sikra fleire leigebustadar til dei som treng det, og heller dela meir på det me faktisk har eit kjempeoverskot av i Noreg, nemleg hytter i norsk natur. I landet med flest hytter per innbyggjar, står dei fleste av dei tomme nesten heile året, som eit symbol på massiv sløsing med natur og knappe ressursar. Likevel er det sett av enorme område til hyttebygging i åra framover. I Oslo har me i dag landets største press på bustadprisar, og det vert planlagt stadig meir nedbygging av skogane våre og dei grøne lungene i byane. Samtidig står altså tusenvis av bustadar tomme i Oslo, f.eks. som feriebustadar. Det er absurd. Nøyaktig kor mange bustadar dette gjeld, kan me ikkje veta, fordi det ikkje finst skikkelege data. Det er eit stort problem at gode data for bustadmassen rett og slett ikkje finst. Det er eit politisk ansvar å prioritera det viktigaste. No må Noreg slutta å byggja ned naturen vår på fjellet til unødvendige hytter, me må slutta å byggja ned naturen vår i byane, og me må slutta med unødvendig forbruksvekst. Me må heller skaffa folk det dei faktisk treng, det me alle faktisk treng: ei trygg framtid og ein trygg og god plass å bu.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 11. feb 2025 — OverStortinget