Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 12. feb 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Det går no føre seg tøffe debattar om både verna vassdrag og straumprisar. Det som ikkje vert snakka så mykje om, er at dette heng tett saman, og at mykje handlar om sløsing. Regjeringa gjer no nesten ingenting for å gjera det lettare for folk å spara på straumen. Det vert i staden føreslått ein noregspris, som i praksis er å bruka fellesskapets midlar på å subsidiera straumforbruk, inkludert unødvendig luksusforbruk, som svenskane hissar seg opp over for tida. Samtidig vert det opna for utbygging i verna vassdrag og av vindkraft i urørt natur. Summen av denne politikken er enorm sløsing. Den vakraste og viktigaste naturen me har, skal ofrast for kortsiktig forbruk, populisme og valflesk. Mitt spørsmål til statsråden vert difor: Når kjem det ei skikkeleg satsing frå regjeringa på dei tiltaka som faktisk går til rota av problemet: å gjera det enkelt og billeg for folk flest og for norsk næringsliv å investera i energisparing?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat