Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. apr 2025

Per Ivar Lied
Senterpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Først vil eg takke utanriksministeren for den utanrikspolitiske utgreiinga på tysdag her i Stortinget. Sju av verdas åtte milliardar menneske bur utanfor Vesten, sa utanriksministeren. Noreg som eit lite land er aktivt globalt. Vi har representasjon verda over. Vi har sterke bilaterale band og samarbeid med dei fleste land. Noreg er ein pådrivar for menneskerettar. Vi har ein lang humanitær tradisjon der vi er og skal vere aktive med store bidrag til folk og regionar i krise. Vi er tungt involverte i land og område med svelt, uro og gjenoppbygging. Noreg er ein forkjempar for folkeretten, for ordna rammer og samkvem mellom sjølvstendige statar, der ikkje minst FN er ramma for internasjonalt samarbeid på så like vilkår som mogeleg. Dette er også viktig og grunnlaget for Senterpartiets internasjonale engasjement og politikk. Utanriksministeren viste til at den amerikanske utanriksministeren på utanriksministermøtet for få dagar sidan stadfesta at USA framleis skal vere medlem av NATO og stiller seg bak artikkel 5. Det var det viktig å få slått fast. Så må vi i Noreg ta vårt ansvar for å gå frå byrdefordeling til byrdeforskyving. Vi må forsterke vårt nasjonale forsvar, og vi må bidra til samla styrkt forsvar i Europa innanfor ramma av NATO. Det gjeld også tettare sikkerheitssamarbeid med andre land i Europa, som Storbritannia og Frankrike. Heile Norden er no samla i NATO, også det gjer at nordområda kjem endå meir i fokus. Det er viktig for Noreg. Vi har enorme ressursar og svære havområde. Vi ligg strategisk til, med sårbare hav- og landområde i nord. Senterpartiet ser difor fram til ein ny nordområdestrategi. Vi må der jobbe tettare med våre baltiske og nordiske vener. Senterpartiet deler synet på at nasjonal sikkerheit er militære kapasitetar, kuler og krut, men også meir enn det. Beredskap er grunnleggjande viktig. Det er ein del av det internasjonale bildet og må vere på plass i alle delar av Noreg, og alle delar av samfunnet, inkludert matproduksjon og høgare grad av sjølvforsyning. Her er også ei anna næringsside – riktignok underordna samanlikna med sikkerheit – og det er at norske bedrifter og norsk næringsliv også kan levere militært utstyr og utstyr til beredskap og samfunnssikkerheit breitt, både i Noreg og internasjonalt. Noreg er ein del av verdifellesskapet som landa i Europa utgjer, som handlar om demokrati, ytrings- og mediefridom, menneskerettar, deling av makt og rettsstaten. Difor er også vårt engasjement og vår støtte til Ukraina sjølvsagt. Vi støttar Ukraina. Den militære støtta vil bli auka med 50 mrd. kr, og samla ramme for Nansen-programmet i 2025 vil bli auka frå 35 mrd. kr til totalt 85 mrd. kr. Dei 50 mrd. kr skal gå til internasjonale prosjekt og kjøp frå ukrainsk forsvarsindustri. Den sivile støtta bidreg til å byggje opp igjen øydelagd energiinfrastruktur, til naudstraumsaggregat, til innkjøp av gass slik at folk har varme og kan lage mat, til å reparere øydelagde vegar og hus, til minerydding slik at bønder kan drive landbruk og matproduksjon, til ein tryggare kvardag og til meir som hjelper folk i ein svært krevjande kvardag. Samla er norsk støtte gjennom Nansen-programmet på 205 mrd. kr. Det auka bidraget i 2025 skal gå til militær støtte, i tråd med Ukraina sine innmelde behov, dvs. luftvern, artilleriammunisjon, dronar og maritime tiltak, der Noreg har ei leiarrolle i å hjelpe Ukraina maritimt. Senterpartiet støttar den moderniserte handelsavtalen mellom Noreg, EFTA og Ukraina. Handelen i fjor, i 2024, mellom EFTA og Ukraina var på rundt 15 mrd. kr. Den nye avtalen vil styrkje Ukraina økonomisk og politisk og bidra til økonomisk vekst og utvikling i Ukraina. Noreg er der også når Ukraina skal byggjast opp att.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Per Ivar Lied (Senterpartiet) — Innlegg · 10. apr 2025 — OverStortinget