Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2025
Innlegget
Målet med lovforslaget er å sørgje for like lønsvilkår for arbeidstakarar på skip i norske farvatn, mellom norske hamner og på norsk sokkel. Forslaget betyr at alle arbeidstakarar på skip i norsk innanriks fart og skip som utfører tenestetilknytt næringsverksemd i norske havområde, får eit krav om norsk løn. Over 90 pst. av all varehandel internasjonalt føregår med skip, og skipsfart er utsett for sterk global konkurranse. Det varierer, men typisk utgjer lønskostnadene ein tredjedel av kostnadene til eit skip, og internasjonalt er det fleire land som har innført ulike former for kabotasje og/eller sokkelregulering, og som stiller krav til utanlandske skip som utfører maritime tenester innanriks eller på sokkelen. Australia og Canada er eksempel på land som stiller krav om lisens og nasjonale løns- og arbeidsvilkår for utanlandske skip i innanriksfart og skip som leverer tenester på sokkelen. USA stiller krav om at skipet er amerikanskbygd, amerikanskeigd og bemanna med amerikanske sjøfolk. Halvparten av EU-landa har reglar som avgrensar marknadstilgjenget for skip frå land utanfor EU og EØS-området. Døme er Sverige og Finland. Havområda våre har stor maritim aktivitet, og mykje av dette er ikkje internasjonal transport. Stortinget oppmoda i 2017 regjeringa om å greie ut moglegheiter for å stille krav om norske løns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel. I 2019 blei det levert to utgreiingar om temaet, og det blei nedsett eit partssamansett maritimt utval. I 2021 oppmoda Stortinget regjeringa om å setje i gang arbeidet med å innføre krav om norske løns- og arbeidsvilkår. Det blei sendt ut eit lovforslag og eit revidert forslag på høyring i 2024. Høyringsrundane viser at det er ulike syn på konsekvensane forslaga vil ha, og om det vil auke eller gjere sysselsetjinga av norske sjøfolk lågare. Senterpartiet legg til grunn at tiltaka skal auke rekrutteringa av norske sjøfolk – lik løn for likt arbeid også til havs. Det er også gjort omfattande utgreiingar over fleire år, og dei har endra forslaget både for cruise og for særlov. Senterpartiet ønskjer ei vurdering av ei grense på meir enn 14 dagar samanhengande aktivitet og 40 dagars tenester av eit skip i eit kalenderår. Holmefjord-utvalet anbefalte å innføre krav om norske løns- og arbeidsvilkår på skip i norske farvatn, men samtidig å styrkje tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk. Senterpartiet føreslår difor saman med andre å fjerne makstaket i tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk, og då er forslaget teke opp. Det er også i tråd med høyringsinnspel frå kystreiarlaga og andre. Nettolønsordninga er heilt avgjerande for å sikre norske sjøfolk og reiarlag konkurransekraft og betre rekruttering til den maritime klyngja.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat