Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. okt 2024

Aleksander Øren Heen
Aleksander Øren Heen
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

I trontalen kunne me høyra at kongen varsla at regjeringa sitt mål er at folk skal få betre råd. Bakteppet for denne viktige prioriteringa er knapp reallønsvekst sidan 2015, høge energiprisar, kraftig prisvekst på varer og ikkje minst auka rentekostnader. Truleg har unge i etableringsfasen merka dei siste åra hardast, då det er dei som ofte har mest igjen å betala på bustadlåna sine. Me styrer ikkje renta, og heldigvis har me ein stødig sentralbank som tek seg av akkurat det, men me styrer finanspolitikken, og me kan fordela kronene til fellesskapet dit dei får best effekt. Som representant frå eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane, der alle kommunane er i sentralitetsklasse 5 eller 6, er kostnaden no ved å røysta Høgre eller borgarleg ved neste val svært høg. For å bruka Høgre-språk tillèt eg meg å laga eit lite reknestykke som døme: Sjå føre dykk eit ungt par busett i Luster kommune i Sogn og Fjordane som har to barn i barnehage. Med dagens regjering har dei fått, eller vil få, halvert barnehagepris, og dei vil få sletta 25 000 kr kvar av studiegjelda si. Viss ein av dei pendlar over Sognefjorden, noko som er relativt vanleg, vil dei ha fått ein halvert ferjepris. Totalt sett utgjer dette over 100 000 kr i året for denne familien. Dette er tiltak eg har registrert at høgrerepresentantar ytrar seg imot. Difor er påstanden min at dette no er prislappen for å røysta Høgre. Me kan òg leggja til at den same familien har nytt godt av redusert inntektsskatt på 8 700 kr og auka barnetrygd på 4 700 kr. Eg vil hevda at 100 000 kr betyr noko for folk si lommebok, og lommeboka til folk er viktig, spesielt i dei urolege tidene me er inne i no. Det gjev tryggleik for framtida, og det gjev tryggleik for privatøkonomien. I tillegg til å gjera kvardagen litt betre for den enkelte, er desse tiltaka ein del av gjenreisinga av distriktspolitikken i Noreg og det å sjå heile landet. Det gjev sjølvsagt glede og framtidstru for eit lokalsamfunn når ein familie som den i mitt reknestykke flyttar heim. Difor er ikkje dette berre direkte økonomiske tiltak retta mot den enkelte innbyggjar, det er samfunnsbygging. Mange distriktskommunar manglar ikkje arbeidsplassar, men dei manglar folk til å fylla stillingane. Me står overfor ein megatrend som heiter sentralisering, som me kan velja å forsterka, slik Høgre og Framstegspartiet gjer med sin politikk, eller me kan føra ein alternativ politikk som bidreg til det motsette. Eg er heilt overtydd om at Noreg som nasjon kjem betre ut for alle når me evnar å bruka ressursane frå fiske, offshore og marin og maritim næring ved kysten og jordbruk, industri og kraftproduksjon lenger inn i landet. Dette er ressursar som trass alt stort sett er i kommunar i sentralitetsklasse 5 eller 6. Difor er det å sørgja for busetting der ressursane er, god ressursutnytting. Det byggjer samfunn, og det sikrar beredskap. Skal ein lukkast med dette, må ein føra ein tydeleg politikk for heile landet som gjer at kommunane kan gje gode tenester. Difor endrar me inntektssystemet og jamnar ut meir. Det må vera mogleg å koma seg fram med gode og trygge vegar og prisar på fly og ferje som er overkomelege. Difor halverer me dei. Det må vera mogleg å ta ei utdanning der ein bur. Difor satsar me på desentralisering og auka digitalisering. Men me må òg utdanna fleire til dei jobbane samfunnet treng, og difor fjerna me karakterkravet for sjukepleiarutdanninga. Så må me ha mat på bordet. Det gjeld oss alle, anten me bur i bygd eller by, og me må sikra at jorda blir driven. Difor har me løfta jordbruksinntektene betydeleg og tetta inntektsgapet med om lag ein tredel. Ærlege tal i jordbruksoppgjera, løyva i denne salen, er det som har gjeve reelle pengar på konto for landbruksnæringa. Me treng gode og føreseielege rammevilkår for industri, slik at me kan ha ein stor eksport, også basert på fastlandsproduksjon. Difor har me inngått ein avtale mellom stat og industri om vidare CO2-kompensasjon i desse næringane. No kan me lesa på VG.no at regjeringa òg går inn for å kutta avgiftene på vatn og kloakk, noko som vil bety mykje for den enkelte. Eit kvart val er eit vegskilje, og for dei veljarane eg representerer i Sogn og Fjordane, har debattane i denne salen dei siste åra synt at ein kjem godt ut med dagens regjering. Rekninga for å røysta Høgre for ein småbarnsfamilie i Sogn og Fjordane er no om lag 100 000 kr. Den kan kanskje nokre bera, men rekninga om me mislukkast med å bruka heile landet, er eg redd blir stor for heile samfunnet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat