Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 3. okt 2024

Innlegget
Næringslivet i heile landet peikar på at det viktigaste som må på plass for at ein skal utvikla seg, omstilla seg og skapa arbeidsplassar, er infrastruktur. Då snakkar ein ikkje om gratis ferje eller fylkesvegar, men eksempelvis effektive forbindelsar opp og ned langs kysten vår. Solberg-regjeringa kom godt i gang. No er det fire felt frå Bergen til Os, og me er snart gjennom i Rogfast. Og som kommunalminister signerte òg representanten Gjelsvik planprogram for Hordfast. Likevel har denne regjeringa gjennom NTP sett ein effektiv stoppar for Hordfast-prosjektet. Eg ønskjer å spørja representanten om han meiner det er fornuftig å driva samferdselspolitikk ved å ikkje leggja til rette for den infrastrukturen som Vestlandet treng for å greia seg i dei knalltøffe omstillingane dei står i, dernest å bruka store ressursar, altså 2 mrd. kr til Statens vegvesen for å planleggja noko som regjeringa ikkje tenkjer å realisera, og til sist kutta den delen av den viktige hovudpulsåra som gjer at ein ikkje utløyser potensialet i dei prosjekta som no står ferdige eller som snart er ferdige?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat