Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. okt 2024

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Eg vil gjera representanten merksam på at dei prosjekta han no ramsa opp, i hovudsak var aust–vest-forbindelsar og ikkje nord–sør-forbindelsar. Eg kunne tenkja meg å koma inn på eit anna tema òg, for eg registrerer at gratisferje er løfta fram av mange representantar frå Senterpartiet som svaret på å redda distrikta. Det som skulle vera ei gladsak, har no vorte eit hovudbry for enkelte øysamfunn, og fylka melder at ordninga er underfinansiert. I Vestland, som er styrt av Senterpartiet, dekkjer ein no opp underskotet i ordninga ved å heva prisen på andre kollektivbillettar. Eg har lyst til å spørja representanten om han synest det er greitt at alle andre kollektivreisande i Vestland skal betala for at tyske bubilturistar skal få gratis ferje.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Liv Kari Eskeland (Høyre) — Replikk · 3. okt 2024 — OverStortinget