Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. okt 2024

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Støre-regjeringa starta perioden sin med å setja bremsene på og bilen i revers for samferdselssektoren. Det mangla ikkje på varsel om at reformer skulle reverserast, og at den satsinga på infrastruktur som me hadde sett under Solberg-regjeringa, skulle stoppa opp. Difor skulle ny NTP kome eitt år før tida, ein skulle ta rev i segla, og pengebruken skulle strupast. Med NTP-en til Støre-regjeringa var me tilbake til å byggja stykkevis og delt i staden for heilskaplege prosjekt. I regjeringa sitt framlegg til NTP var dei store prosjekta, der ein verkeleg skulle byggja Noreg saman, tekne ut og parkerte under filmapper som «fjerntogstrategi» og «utviklingsportefølje». Med respekt å melde: Den kollokviegruppa som har brukt tid på å finna desse fine orda, burde heller ha brukt tida på å finna ut korleis me skal koma lovnadane om regionsbygging og å rusta samfunnet for nye utfordringar i møte. Eg kan her nemna Hordfast, Ringeriksbanen og Møreaksen som sentrale prosjekt. Den politiske kontrakten ein har hatt med næringslivet, var ikkje lenger verdt papiret han var skriven på. Titusenvis av timar gjennom planleggingsarbeid er parkert. Politisk risiko har vorte eit omgrep som sender kronekursen ned og får investorar til å flykta frå landet. Politisk risiko, eller tillitskrise, om du vil, vart det òg på samferdselsfeltet då me fekk ny regjering, for no kan ein ikkje lenger stola på det som er sagt tidlegare. I Høgre set me oss som ambisjon å tenkja nytt om korleis me skal byggja infrastruktur. Vårt viktigaste mål er å byggja landet saman. God infrastruktur gjer at næringslivet får varene sine raskare fram, at dei som har vegen som arbeidsplass, får ein tryggare arbeidskvardag, og at folk kjem seg dit dei skal, når dei skal dit, på ein sikker måte. Skal me ha busetting, næringsliv og turisme i heile landet, må det leggjast til rette for det. Det betyr at me må prioritera meir pengar til samferdsel for å få det til. Me ser no kva som er fasiten for dei første tre åra til Støre-regjeringa: Knapt eitt prosjekt er starta, sjølv om dei var gryteklare då Støre-regjeringa overtok. I budsjettet for 2024 lovde regjeringa at tre prosjekt skulle starta: Det var Oslofjordtunnelen, Røldal–Seljestad og Megården–Sommerset, men enno er ikkje eitt av desse prosjekta igangsett, og det vil dei heller ikkje verta før nyttårsrakettane går til vers. Når det gjeld jernbanen, har Støre-regjeringa stansa konkurranseutsetjinga, som har gjeve fleire avgangar og nye tilbod til dei reisande til ein lågare sum for staten. Men ikkje nok med det: Dei vil òg fjerna det som har fungert best på jernbanen, nemleg Flytoget. Gull skal no gjerast om til gråstein ved å innlemma det i det store, statlege Vy. Formålet til regjeringa er ei sterkare statleg styring av jernbanen. For Høyre er det kunden –dei reisande – som er viktigast når me skal utvikla eit godt jernbanetilbod, ikkje systemet. I alle festtalar vert det snakka fint om å rigga Noreg for framtida, for det grøne skiftet og for komande generasjonar, men det gjeld visst berre i festtalane og i trontalen. Når det kjem til stykket, ser me ikkje dette igjen i praktisk politikk. Høgre vil byggja Noreg saman. Me vil satsa på samferdsel, og me vil fortsetja det arbeidet med å modernisera samferdselssektoren som me begynte på. Budsjetta vart nesten dobla på dei åtte åra me var i regjering, men endå viktigare: Store reformer gav meir veg og bane for pengane. Porteføljestyring, Nye vegar AS, jernbanereforma og andre grep fekk pengane til å strekkja lenger. Mange prosjekt vart gjennomførte. I perioden 2013–2021 vart det opna meir enn 800 km ny veg, nesten like langt som frå Lindesnes til Trondheim – eller til Bayern, om ein snur pila. Reisetida vart betydeleg redusert på fleire vegstrekningar. Mellom Ålesund og Oslo vart tida redusert med to timar, og mellom Oslo og Trondheim og Oslo og Kristiansand vart ho redusert med nærmare halvannan time. Dette er å byggja Noreg saman, dette er å satsa på samferdsel. Høgre har lagt vekt på å stå ved tidlegare vedtak og planar. Det er ein lovnad me vil følgja opp når me på ny tek plass i regjeringskontora.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Liv Kari Eskeland (Høyre) — Innlegg · 3. okt 2024 — OverStortinget