Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. okt 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Eg ønskjer meg fleire naboar i framtida, og eg ønskjer at fleire av mine barndomsvener skal flytta heim. Rogaland og dei andre fylka konkurrerer om arbeidskraft med Oslo, ikkje med kvarandre. Om folk reiser til NTNU, Bergen eller liknande for å studera, ønskjer eg at dei kjem heim igjen i staden for å flytta til Oslo for å jobba. Eit tiltak for å få til det, er å sletta studiegjelda år for år. Det får me forhåpentlegvis til, og det vil gjera at me får fleire folk heime i Vindafjord framover. Den summen eg betalte for huset eg kjøpte i vår, kan eg knapt få tak over hovudet for i Oslo. Høg etterspørsel pressar prisane opp, og me trur at ei betre spreiing av folk rundt om i landet vil gjera det meir leveleg for folk, òg i Oslo. Deler representanten dette synet, og kjem SV til å støtta dette tiltaket med Lånekassen?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat