Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 3. okt 2024

Innlegget
2022 var eit vendepunkt i verda: Pandemien hadde allereie gjeve store omveltingar på kort tid, både internasjonalt og i Noreg. Den 24. februar 2022 invaderte Putin Ukraina. Våren 2022 kom inflasjonen opp på eit nivå som me ikkje har erfart på 40 år – i mange land til og med tosifra. Erfaringane med så høg inflasjon har ikkje vore gode, verken på 1970-, 1980- eller 1990-talet. Mykje galt skjedde sist det var høg inflasjon, på 1990-talet: arbeidsløyse, eit kostnadsnivå ute av kurs med våre konkurrentar i utlandet, noko som resulterte i ei bankkrise og eit bustadkrakk. Rettare sagt: Veldig, veldig mange var svoltne, fleire mista huset sitt og jobben sin. Og utan mat, hus og jobb: Kva står me igjen med då? Det tok mange år å koma seg etter dette, og målet vårt har vore å unngå å oppleva noko liknande no. Privatøkonomien er krevjande for mange etter fleire år med høg prisvekst og mange renteaukingar. Sjølv om årslønsveksten har vore høg dei siste åra, har prisveksten vore endå høgare, og det har gjeve nedgang i kjøpekrafta. Det gjeld ikkje berre for folk, men òg for bedrifter, kommunar og stat. Det har vore mykje dyrare å driva sjukeheim, skule og sjukehus. No seier heldigvis mange av dei som er lurare enn meg her i landet, at rentetoppen er nådd og prisveksten er på veg ned. Det er venta den høgaste reallønsveksten på over ti år, og prisveksten vil gå ned samtidig som arbeidsløysa held seg låg. Me får ei mjuk landing etter ei tid som kunne ha gjeve ei knallhard landing, som på 1990-talet. Folk har ikkje mista jobben sin. Det har faktisk vore stikk motsett. Me har fleire arbeidsplassar enn me har arbeidskraft over heile landet. I fjor var det rekordinvesteringar i Noreg – 6 000 nye bedrifter kvar månad dei siste to åra, og 45 pst. høgare investeringar i fastlandsbedriftene enn snittet under Solberg-regjeringa – i ei tid der alt kunne gått veldig, veldig gale. Senterpartiet og Arbeidarpartiet har styrt landet trygt gjennom urolege og tøffe tider, samtidig som me har skjerma velferdstenester og jobba for å redusera sosiale og geografiske forskjellar. Det som bekymrar meg, er når eg høyrer folk her i salen snakka som om verken pandemi, krig eller rekordhøg inflasjon finst eller har funnest, som om ikkje noko av dette skulle gje konsekvensar. Det er på tide å vera ærleg med innbyggjarane: Det kunne gått så mykje, mykje verre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat