Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. okt 2024

Innlegget
Me kunne for ikkje lenge sidan høyra representanten Molberg svara ut spørsmåla frå Sandtrøen frå i går knytte til kutt i studiegjeld og sletting av studiegjeld. Det er litt godt at me endeleg kan få eit svar også frå denne talarstolen på kva Høgre eigentleg meiner om dette. Det er eigentleg første gongen, i denne debatten, ein har sagt at dette er ein så imot. Tidlegare er det berre Unge Høgre som har sagt det. Ein har svart frå talarstolen her at det var standpunktet til Unge Høgre, men no kan me registrera at dette òg er standpunktet til Høgre. Eg går ut frå det når det blir sagt frå denne talarstolen. Det er interessant å høyra på Høgre når ein snakkar om distriktspolitikk. Ein har sagt nokre fine ord, og så har ein spola seg inn att på at det handlar om å redusera formuesskatt. Det er det einaste saliggjerande. Uansett kva målet måtte vera, er svaret formuesskatt. Kva har skjedd med formuesskatten? Med finansminister frå SV og finansminister frå Framstegspartiet skilde det vel 0,2 prosentpoeng. Det er det spennet som har vore i den debatten, uavhengig av kven som har styrt i dette landet dei siste 15 åra. Er det det som skal vera avgjerande for om ein lukkast med distriktspolitikk eller anna næringsutvikling, om ein er næringsfiendtleg, eller om ein er næringsvenleg? Eg trur ikkje det. Eg trur det bildet er mykje meir samansett. Reiser ein rundt i landet, er det nettopp mangel på folk som er det skrikande no, det er det som er utfordring nummer éin – korleis få tak i kompetent arbeidskraft for å løysa dei oppgåvene ein treng å løysa. Me ser ein rekordhøg investeringstakt i næringslivet. Difor er målretta verkemiddel mot dei enkelte det me har satsa på, og det me meiner vil gje størst effekt. Det er litt forstemmande å høyra fleire Høgre-representantar seia at det no er svak tillit til det styrande systemet i Noreg når det gjeld næringsliv. Tilliten er vekke, blir det sagt. Eg vil minna om at Stortinget i fellesskap over tid no har stilt veldig opp for næringslivet, seinast i koronatida, med rause støtteordningar, nettopp for å halda hjula i gang. Det er rekordlåg arbeidsløyse. Det er ikkje slik at me har gjeve næringslivet på båten, men me tilpassar oss den tida me er i, for å sørgja for at me har eit næringsliv som er i takt med det samfunnet treng, som leverer arbeidsplassar, og som løyser dei oppgåvene me treng å få løyst. Då tilpassar me òg politikken til det. Eg er glad for at me evnar å gjera det utan å få stor inflasjon og utan å få stor arbeidsløyse. Me treffer, og det er trygg styring, og det skal me fortsetja med.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat