Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. okt 2024

Innlegget
Representanten Mathilde Tybring-Gjedde treng ikkje å misforstå meg med vilje når det er snakk om skatt. Poenget mitt var å visa at ein ved utgangen av perioden til Stoltenberg-regjeringa hadde ein skattesats på 1,1 pst. på formuesskatten. Høgre fekk det ned til 0,85 pst. Skilnaden er då på 0,25 prosentpoeng. Eg bomma litt; eg bomma med eit halvt prosentpoeng. Poenget mitt er å visa at dette er eit marginalt spenn. Det må jo vera frustrerande for Høgre at det einaste saliggjerande verkemiddelet dei har, anten det gjeld distriktspolitikk eller noko anna, klarte dei ikkje å levera på gjennom åtte år. Eg registrerer òg at Høgre stadfestar at dei er motstandarar av å sletta studiegjeld. Det er det fint å ha med seg i den vidare debatten.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat