Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. okt 2024

Innlegget
Me har no ein situasjon langs kysten vår som gjev fylkespolitikarane våre hovudbry. Det er innføring av gratis ferje til nokon av øysamfunna, som ikkje var heilt budde på konsekvensane dette ville medføra. Det er eit tiltak som i utgangspunktet skulle vera ei gladsak, men som har vorte eit skikkeleg problem. Tiltaket er innført utan konsekvensutgreiing, og det har oppstått utfordringar i kjølvatnet, som fylkeskommunane no er sette til å handtera. Dårleg materiell, fulle ferjer og ferjer som ikkje går, er i korte trekk problemstillingane. Næringstransporten kjem ikkje fram, dei fastbuande kjem seg ikkje heim eller på jobb, og turistane sit igjen med dårlege opplevingar, ettersom ferjene er fulle og mannskapet er slitne. Dette skjer samstundes som Sjøfartsdirektoratet har stramma kraftig inn på dispensasjonsretten til ferjereiarlaga, noko som medfører at det har vore vanskeleg å få på plass ordningar ein kan einast om. Resultatet går ut over pendlarane våre. Fylkeskommunane har sett på fleire løysingar, men får avslag på grått papir frå kommunalministeren. Prinsippet om gratis ferje trumfar det meste. Eg skulle ønskja at me hadde ein litt meir pragmatisk og imøtekomande statsråd, som var med på å hjelpa politikarane med å finna løysingar i staden for å skyta dei ned. Det er no heva over tvil at gratis ferjer er underfinansierte, og det fører eksempelvis til at det i Vestland er alle andre kollektivreisande som no må plukka opp denne rekninga. Det er lett å krevja gratis ferjer når ein kan skyva kostnadene over på andre. No betalar altså skattebetalarar og andre kollektivreisande for at tyske bubilturistar skal få reisa gratis i Noreg. Den andre store jobben me må gjera, er å få utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar. Prisverdig nok står det i Hurdalsplattforma at ferjer og hurtigbåtar skal verta utsleppsfrie. Ferjene skal verta utsleppsfrie innan 2023 og hurtigbåtane innan 2025. Forslaga har no vore på høyring, og svaret frå næringa og fylka er tydeleg: Dette skal me få til, men det må på plass verkemiddel. Så vert det tyst frå regjeringa. Manglande verkemiddel gjer at fylkeskommunane no etterspør fossilfrie hurtigbåtar og ferjer, og desse skal gå dei neste 10–15 åra. I Høgre er me opptekne av å nå klimamåla, og me veit at staten må vera sterkt inne for å bidra på området. Difor har me vore tydelege på at me må bidra der me kan. Dette kan få opp ein industri, skapa arbeidsplassar for framtida og bidra til at miljøverstingane våre, nemleg hurtigbåtar og ferjer, kan få ned utsleppa sine.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat