Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 7. nov 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Sjå føre deg at du bur i eit heilt vanleg nabolag i Valencia i Spania. Ein dag kjem det så mykje regn at parkeringsgarasjen din begynner å verta oversvømt. Du løper ned dit for å redda ut bilen din, men det rekk du aldri. Du druknar der nede i parkeringsanlegget, saman med seks naboar. Sjå føre deg at du bur i ein liten forstad til Valencia. Mens bilane flyt gjennom gatene og vassmassane knuser alt i sin veg, prøver du å koma deg fram til sjukeheimen der den gamle mora di bur. Dei tilsette der prøver å redda alle dei gamle ut, men det klarer dei ikkje. Flaumen kjem for fort, og mor di druknar der, på sjukeheimen. Førre veke var eg livredd for min familie, både dei på Vestlandet i Noreg og dei i Spania. Stormen Jakob raserte bygdene på Vestlandet, men heldigvis gjekk ingen liv tapt. Slik var det ikkje i Spania. Dødstala er no over 200 og stig framleis, etter som fleire døde og knuste kroppar vert funne. Kampen mot klimaendringane er ikkje noko ein kan driva med litt på si eller noko berre éin minister kan ha ansvar for. Store delar av kloden vår er i ferd med å verta ubuelege for menneska. Tusenvis av menneske i det globale sør døyr kvart einaste år på grunn av overforbruket til rike land gjennom tiår. No er det ikkje berre liv langt vekke som står på spel. No tek ekstremvêret liv her heime òg – i Europa og i Noreg. Dei neste åra vil tusenvis av menneske døy, og ein forventar hundrevis av millionar klimaflyktningar, som òg vil koma hit. Det er heilt grunnleggjande viktig at me framover klarer å vri alle delane av samfunnet til å forbruka mindre, sleppa ut mindre klimagassar og stoppa nedbygging av natur, særleg i land som Noreg, som forbrukar aller mest, og der fossilselskapa tener seg rike på å koka kloden og øydeleggja framtida vår. I Baku må verdssamfunnet klara å få på plass raskare og større framsteg i klimakampen. Dette handlar om grunnleggjande sikkerheit for alle menneske, inkludert oss i Noreg. Men som klimaministeren poengterer: Det har ingen ting å seia kva slags vedtak ein får til i Baku, om ikkje landa følgjer opp arbeidet heime. Om me skal ha ein sjanse til å hindra dei verste konsekvensane av klimaendringane, må det internasjonale og nasjonale klimaarbeidet prioriterast. Regjeringa må begynna å faktisk prioritera menneske føre vekst. Våre liv må verta viktigare enn profitten til fossilbransjen. Noreg må ta eit større ansvar internasjonalt, som eit land som profitterer på klimakrisa og lever i overflod, mens innbyggjarane i andre land svelt i hel på grunn av den same klimakrisa. Eg har nokre spørsmål til klimaministeren. EU er tydeleg i sitt forhandlingsmandat på at fleire land må bidra til å auka klimafinansieringa i verda. Noreg, som eit rikt land, må i aller største grad kunna bidra til dette, men kor forpliktande er opptrappingsplanen for Noregs internasjonale klimafinansiering? Sikrar han at Noreg dekkjer ein rettferdig andel av utgiftene til utsleppskutt, klimatilpassing og tap og skade i utviklingsland som følgje av klimaendringane? Kor mykje av dette vil vera offentlege midlar, noko som er meir føreseieleg for mottakarlanda? EU har sagt at dei ikkje ønskjer å ta i bruk artikkel 6, og har understreka i sitt forhandlingsmandat til COP29 at land bør fokusera på nasjonale utsleppskutt. Regjeringa har på si side opna meir og meir for bruk av artikkel 6. Dei har i årets forslag til budsjett sett av 300 mill. kr – ei dobling frå i fjor – til kvotekjøp i u-land og utvikling av ordningane under Parisavtalen. Er ikkje dette litt snodig? I tillegg føreslår regjeringa å oppretta eit eige norsk karbonfond under Carbon Transaction Facility, som skal bidra til å byggja opp marknaden for kvotehandel under artikkel 6. Korleis vil regjeringas innstilling til bruk av artikkel 6, som er stikk i strid med det EU ønskjer, påverka Noregs samarbeid med EU om vidare klimasamarbeid for å nå klimamåla? EU har ei sterkare og tydelegare haldning enn før til global utfasing av fossilt brensel. I sitt forhandlingsmandat oppfordrar EU alle land til å setja i verk overgangen vekk frå fossil energi i sitt energisystem gjennom å utarbeida konkrete nasjonale planar, retningslinjer og handling for å sikra overgangen, slik FN-sjefen og forskarar verda over har bedt om lenge. Eg reknar med at regjeringa er einig i at «alle land» inkluderer Noreg, men regjeringa har så langt fullstendig avvist Miljøpartiet Dei Grønes konkrete plan for utfasing av norsk olje, som er i tråd med ønska til EU og FN. Korleis har regjeringa tenkt å følgja opp Dubai-semja og EUs sterke oppfordring om utfasing av fossile brensel? Når har regjeringa tenkt å slutta med fossile brensel i Noreg – det som skapar klimakrisa og drep folk over heile kloden?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 7. nov 2024 — OverStortinget