Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. nov 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Eg vil starta dette innlegget med å takka alle som har vore involverte i prosessen med rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen. Takk til sjølve kommisjonen, takk til kontroll- og konstitusjonskomiteen for samarbeidet, takk til alle involverte institusjonar, men aller mest: Tusen takk til alle dei som har formidla dei personlege historiene sine. Takk til alle som har formidla historiene til familiemedlemar, til naboar, til vener. Takk til alle som har sendt inn forslag til tiltak. Denne rapporten vedkjem mange, og me i denne salen skal anerkjenna at det krev stort mot å fortelja om vonde og til dels veldig brutale hendingar. Det krev mot å stå opp mot dei som sit med makta. Takka vera dei som har stått fram med personlege historier, kan me i dag sjå klarare kva urett norske myndigheiter har påført dei, og koma med ei djup beklaging frå Stortingets side. Det er riktig, og det er på tide. Målet med fornorskingspolitikken var assimilering i det norske samfunnet, å ta frå folkegrupper i landet vårt kulturen og språket deira. Frå 1851 til 1921 var det ein eigen post på statsbudsjettet som heitte Finnefondet, der staten sette av midlar som berre hadde som føremål å fornorska. Urfolk og nasjonale minoritetar skulle siviliserast, og barn vart tvinga bort frå familiane sine til internatskular der dei ikkje fekk snakka sitt eige språk. Fornorskingspolitikken var systematisk, og han var brutal. Samar, kvener og skogfinnar mista identitet, språk og kultur. Me skal vera heilt klare på at dette var statlege overgrep direkte retta mot folkegrupper i landet vårt. Som representanten Aydar og fleire i dag har vist, skjer fornorsking framleis i vår tid. Det er riktig nok forskjell på fornorskingspolitikken som hadde fornorsking som eksplisitt målsetjing, og på prosessar som utan å ha det som mål, likevel fører til fornorsking. Det er ingen tvil om at storsamfunnet òg i nyare tid har oversett interessene til urfolk og nasjonale minoritetar til fordel for private eller statlege næringsinteresser. Det er store pågåande konfliktar i dag me må anerkjenna. Utbygging av vindkraft på Fosen er eitt eksempel, elektrifisering av Melkøya og vindkraftutbygging i området rundt er eit anna. Under Fosen-saka vart staten dømt i Høgsterett for å ha hindra samisk kulturutøving. Når det gjeld elektrifisering av Melkøya, har Sametinget gått til sak mot staten fordi dei ikkje opplever seg tilstrekkeleg konsulterte. Forsoning med den uretten folkegrupper i landet vårt har vorte utsette for, krev ei reell endring og ei anna forståing av rolla til norske myndigheiter òg framover. Difor er eg skuffa over at fleirtalet i denne salen ikkje har vore villige til å gjera det som skal til for ein skikkeleg forsoningsprosess. Ei rekke aktørar og enkeltmenneske har spelt inn mange tiltak som er viktige for dei. Stort sett har fleirtalet valt å ignorera desse innspela. Dei vanskelege oppgåvene me har som samfunn no, er å forsøkja å reparera skadane som har skjedd, og forhindra at det skjer nye. Ei reell forsoning krev at me tør å endra prioriteringar og politikk, sånn at rettane til urfolk og nasjonale minoritetar faktisk vert varetekne. Difor vil me i Miljøpartiet Dei Grøne styrkja dei ulike folkegruppene sine eigne institusjonar som ein del av forsoningsprosessen. Sametinget har f.eks. høg legitimitet til å gjera prioriteringar og vegval på vegner av samane, i kraft av rolla som det representative folkevalde organet av og for samane på norsk side av Sápmi. Sametinget, som er eit representativt folkevalt organ av og for samane, kan ikkje sjåast på som ein ordinær organisasjon, heller ikkje når det gjeld tilgang til Stortinget. I dag finst det ikkje retningsliner eller klare rutinar for korleis Sametinget skal kunna konsultera Stortinget, heller ikkje i Stortingets budsjettarbeid. Fråværet av denne konsultasjonen går ut over Sametingets moglegheit til å påverka i spørsmål som vedkjem den samiske folkegruppa. Sametinget må gjevast ein meir eksplisitt tilgang til arbeidet i Stortinget i saker som omhandlar samiske forhold og interesser. Difor har me fremja eit forslag, saman med SV og Raudt, om å sjå på korleis Stortinget kan leggja til rette for konsultasjonar mellom Stortinget og Sametinget. Det har vore sterkt å høyra frå dei kvenske/norskfinske og skogfinske miljøa. Her er det mange som kjempar for rettar og eigen kultur heilt på frivillig basis, og det pågangsmotet står det stor respekt av. Difor står det heilt klart for meg at òg kvener i større grad må få oppleva at dei har rett til å utøva sjølvbestemming. Når Norske kveners forbund viser til at det er eit demokratisk problem at det ikkje per i dag er ei felles organisering av kvener/norskfinner, og at det er behov for eit politisk valt kvensk organ som kan ta føre seg spørsmål som særleg gjeld for kvener og kvensk kultur, er det vår oppgåve på Stortinget å ta det på alvor. Miljøpartiet Dei Grøne meiner difor det er behov for å greia ut moglegheita for eit permanent demokratisk valt organ i form av eit kventing eller eit kvensk råd. Eit sånt råd eller ting kan vera viktig demokratisering for kvenene, og dette vil kunna fungera som ein viktig brubyggjar mellom det kvenske og det norske samfunnet elles. Eg er glad denne rapporten òg omhandlar skogfinnane. Det har vore sterkt å høyra frå representantar i det skogfinske miljøet at skogfinnane, historia og kulturen deira har vore dårlegast kjend i befolkninga. Diverre vitnar dette om at fornorskingspolitikken, usynleggjeringa og assimileringa av skogfinnane har vore vellukka. Den påførde skamma over å vera skogfinne har fått konsekvensar det skal enormt mykje til å retta opp i. Difor er det så viktig å styrkja Norsk Skogfinsk Museum og miljøet rundt. Samtidig er eg glad for at me i denne saka har fått nokre viktige gjennomslag som Skogfinneforeningen har etterspurt. Regjeringa vert no bedd om å sjå på endringar i namnelova, sånn at etterkomarar av urfolk og/eller nasjonale minoritetar lettare kan ta tilbake det opphavlege etternamnet til familien deira. Regjeringa vert bedd om å utarbeida eit tillegg til kulturminnelova som sikrar automatisk freding av skogfinske og kvenske kulturminne, i tråd med bestemminga for samiske kulturminne. Dette er punkt Skogfinneforeningen har kjempa for, og eg er så glad for at dette vert norsk politikk etter i dag. Det siste eg vil leggja til i dette innlegget, er at eg er svært bekymra for at hets mot minoritetar i Noreg aukar. Her kan ikkje me som politikarar berre stå og sjå på. Eg opplever ofte gode intensjonar koma frå Stortinget, og det er mykje fint sagt i festtalar, men hets og rasisme må følgjast opp med faktiske politiske tiltak, ikkje berre formaningar om god folkeskikk. I alle tilfelle der menneske skuvast bort frå samfunnsdebatten gjennom truslar og trakassering, blir ytringsfridomen deira ramma. Det er ikkje utan grunn at fleire samfunnsdebattantar med minoritetsbakgrunn har trekt seg unna den offentlege debatten dei siste åra eller har måtta ta seg ein pause. Det er ikkje utan grunn at så mange minoritetskvinner kvir seg for å stilla til val, kvir seg for å stikka seg fram. Mange har stått så vanvitig åleine i kampen for ytringsfridom. Me skal hugsa på at det er eit angrep på demokratiet vårt kvar einaste gong personar som deltek i den offentlege debatten, opplever å verta hetsa til tausheit. Ei betre regulering av den offentlege debatten bør difor ikkje sjåast på som ei avgrensing av ytringsfridomen, men som ein beskyttelse av han. Sannings- og forsoningskommisjonen vil kunna etterlata seg opne sår dersom Stortinget ikkje viser reell vilje til å endra politikk. Det er dei som er politikarar i dag, som må sørgja for at rapporten vert overlevert til framtidige politikarar og gjord til levande oppfølgingspunkt og -planar. Eit oppgjer med fornorskinga krev at me tek det opp igjen og igjen og igjen. Berre sånn kan me sørgja for ei reell og langvarig endring, reparering og forsoning. Fornorskinga røva frå oss alle kunnskap og eit forhold til den felles nasjonale historia vår. Denne politikken har gjort norsk kultur fattigare og påverkar framleis enkeltpersonar og samfunnet vårt som heilskap i dag. Behandlinga av denne saka i dag er ikkje først og fremst slutten på noko, det må verta startskotet for forsoning og eit reelt oppgjer med den brutale fornorskingspolitikken staten har ført mot samar, kvener og skogfinnar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat