Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. nov 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG) [15:24:14] (ordførar for saka): Eg vil starta med å takka mine kollegaer i finanskomiteen. Representantforslaget har vorte grundig belyst og forbetra gjennom høyringsprosessen og behandlinga av saka. Forslaget går ut på å be regjeringa setja i verk fleire forskjellige tiltak i Noreg som saman kan bidra til å redusera eit betydeleg globalt miljø- og klimaproblem med overproduksjon og overforbruk av klede med kort levetid. Per i dag legg regelverket og skatte- og avgiftssystemet vårt opp til ein betydeleg konkurransefordel for utanlandske nettbutikkar og kleskjeder som utnyttar underbetalt arbeidskraft og svak miljøregulering i fattige land for å selja billige moteklede med låg kvalitet, såkalla fast fashion. Det er behov for å minska overforbruk av klede ved å motverka overveldande favorisering av fast fashion samanlikna med produkt av betre kvalitet, innanlandsk produksjon og handelsverksemd, gjenbruk og reparasjon. Tiltaka i det opphavlege forslaget, fremja av representantane Kaski og Haltbrekken, omhandla endringar av tekstiltollfritaket, moms på bruktkjøp og reparasjonar, styrkt forbrukarvern, miljøavgifter på tekstilar og endring av kommunal vegleiar. Fagmiljø-, bransje- og interesseorganisasjonar knytte til miljø, forbruksforsking og sirkulær økonomi har gjeve faglege og kunnskapsbaserte innspel og støtte til forslaga. Det takkar me for. Gjennom behandlinga i finanskomiteen har det vorte klart at mange parti støttar fleire av forslaga til tiltak, men desse partia er i mindretal. Finanskomiteens fleirtal viser til at det er nedsett ei ekspertgruppe som skal gjere ei heilskapleg utgreiing av verkemiddel for å fremja ein meir sirkulær økonomi. Dei meiner på det grunnlaget at det ikkje er hensiktsmessig å gå vidare med forslaga til tiltak før rapporten frå ekspertgruppa har kome. Innstillinga frå finanskomiteen er difor at representforslaget ikkje vert vedteke. Eg har med dette lagt fram finanskomiteen si innstilling til saka, og eg vil forsøkja å teikna meg seinare for å gjera greie for Miljøpartiet Dei Grøne sitt syn i saka. Til slutt vil eg opplysa om at det kan verta nødvendig for meg å forlata salen før saka er ferdig, for eg òg er ein del av kontroll- og konstitusjonskomiteen og skal møta involverte partar i forbindelse med debatten om sannheits- og forsoningskommisjonen sin rapport.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 12. nov 2024 — OverStortinget