Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 14. nov 2024

Innlegget
Eg vil òg takka utanriksministeren for utgreiinga, som løfta dei store, eksistensielle problemstillingane. Me er veldig glade for at desse vert tekne på alvor. Statsråden fokuserte heilt rett på dei forholda som verkeleg betyr noko for vår felles framtid, både i Norden og i Europa, og vårt forhold til resten av verda. Difor er det ikkje for å marginalisera dei store utfordringane verda står overfor, at eg skal ta opp det eg no vil snakka om, men for å tydeleggjera at EU og regelverket i EU kan utfordra oss også i det nære om me ikkje har eit årvake auge med det som skjer. Reguleringar i EU kan verta store hinder for oss om me ikkje er proaktive. Det eg gjerne vil løfta, er dei nye EU-relaterte tollbarrierane, som kan sjå ut til å setja ein effektiv stoppar for den varetransporten som skal gå frå nord til sør i Noreg, der me i dag brukar den svenske jernbanen. Til no har det vore krav om enkle tollbrev sidan varene ikkje skal ut av landet, men nye krav kan forlanga langt meir detaljerte opplysningar, ned på varetypenivå. Eit urimeleg krav kan då krevja eit uforholdsmessig stort og unødvendig byråkrati. Dette er eit krav me har visst om eit års tid, men ein har ikkje teke tak i problemstillingane i tilstrekkeleg grad frå regjeringa si side. Dette ligg no hos svenske tollmyndigheiter. Me krev at den norske regjeringa er aktivt på ballen, slik at me kan landa ei løysing for den norske transporten, og at den kan handtera det. Konsekvensane dersom me ikkje oppnår denne tilnærminga, med tilnærma like vilkår som i dag, er at me flyttar gods frå svensk bane til norske vegar tilsvarande 1 000 trailerlass per veke. Det er dramatisk for næringa om det dryger lenger for å finna ei løysing. Ein lever no i ei uvisse om ein må setja inn ekstraordinære tiltak og finna alternativ frakt for varene. Dette skal innførast frå 1. januar 2025. Våre forventingar til departementet er at ein tek tak i denne saka og liknande saker, fangar opp slike potensielle utfordringar og startar å jobba med dette langt tidlegare, for å skapa føreseielegheit, og gjennom arbeidet finna løysingar som syter for at overordna mål for å spare klima, miljø og kostnader vert retningsgjevande for arbeidet. Det som her skjer, er kontraproduktivt i høve til arbeidet med grøn allianse, som statsråden løfta i si utgreiing. Ein greier altså ikkje turneringa mellom fine visjonar og praktisk politikk. At me ikkje er ein del av EU og kan sitja ved bordet når nye lovar vert fremja, gjev oss store utfordringar, og det krev merksemd, men den kostnaden må me ta.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat