Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. nov 2024
Innlegget
Førre veke sa utviklingsministeren: «Det er i vår interesse å føre en politikk for at verden henger sammen i sømmene.» Det er sjølvsagt sant, og akkurat no kjennest det som om verda er i ferd med å rakna fullstendig. Me ser Trump på veg inn i Det kvite hus, eit folkemord får gå føre seg for ope kamera i Palestina, Midtausten går i oppløysing, det er hungersnød i Sudan, og i Europa raser ein blodig krig på tredje året i Ukraina. Og mest alvorleg av alt: Kloden ser ut til å tippa 1,5 grader gjennomsnittleg auke i global oppvarming allereie i år. Den eskalerande klimakrisa vil gjera alle andre kriser mykje, mykje verre. Med avskoging, tørke, ekstremvêr og flaum kjem matmangel og feilslåtte matavlingar, som i løpet av få år vil føra til enorme konfliktar og migrasjon av hundrevis av millionar av menneske. Dei fattigaste og mest marginaliserte vil verta ramma først og hardast, men ingen land vil gå frie frå global, økologisk kollaps. Det er ganske absurd å høyra på debattane som går i denne salen av og til, der det kan verka som om klimahandling er noko for dei spesielt interesserte eller noko Noreg skal driva med litt på si – når det er sjølve grunnlaget for overlevinga vår. At store delar av Det norske storting ikkje klarer å ta inn over seg dette, skremmer meg mykje meir enn faktafornektande løgnarar i Det kvite hus. Som utviklingsministeren sa: «Ulikhetene i verden har blitt større. Gjeldsnivået til mange lavinntektsland er uhåndterbart.» Og vidare: «Effektene av global oppvarming rammer de fattigste landene hardest.» Dette kunne me i Miljøpartiet Dei Grøne ikkje ha vore meir einig i. På ein klode der me har meir enn nok mat til alle, der klimautsleppa frå privatfly har gått opp 50 pst. på eit par år, og der ein regelmessig sender folk ut i verdsrommet berre for gøy, er det heilt absurd at me godtek at eitt av fem menneske går svoltne. Kvart einaste barn som døyr, er ein botnlaus katastrofe. Kvifor godtek me då at ti millionar barn døyr kvart einaste år? Noreg er blant dei aller rikaste landa i verda. Me er skjerma frå det meste som er vondt og vanskeleg. Noreg har vore prisgjeve naturressursar og politiske føresetnader som har gjeve oss velferd og fred. Me har til og med vortne betydeleg rikare som følgje av at kontinentet vårt er i krig. Tusenvis av milliardar kroner har me tent på auka energiprisar som følgje av tragedien i Ukraina. Ein liten brøkdel av oljefondet kunna utrydda all ekstrem svolt i verda i dag. Me som er fødde i Noreg, har vunne i lotto. Akkurat no går det føre seg intense forhandlingar i Baku på klimatoppmøtet. Årets viktigaste sak er å verta einige om eit nytt kollektivt globalt mål for klimafinansiering. Debatten står som vanleg mellom dei tradisjonelt rike landa og dei mindre rike landa – eller mellom dei som har vunne i lotto, og dei som ikkje har det. Noreg har bidrege med klimafinansiering i lang tid, og regjeringa meiner målet er nådd. Nokre meiner òg at det gamle klimafinansieringsmålet frå København om 100 mrd. dollar er nådd. Men det er stor usikkerheit, og verda treng føreseielegheit. Me er avhengige av at alle land bidreg i den felles dugnaden som alle vinn på, og hjelper fattige land og mindre utvikla land til å rusta seg for klimaendringane som er her no, og gjer det me kan for å dempa effekten av vidare global oppvarming. Målet om 100 mrd. dollar skal erstattast, og ifølgje ein studie frå FN-ekspertgruppa treng utviklingsland utan Kina 1 billion dollar i året innan 2030 til investeringar i klima- og energiomstilling. Globalt er det behov for 9 billionar dollar. For å få til dette trengst det at verda vert einig om eit nytt klimafinansieringsmål som har ei kjerne av offentlege midlar, og ei tydeleg ansvarsfordeling mellom dei som kan bidra meir, og dei som ikkje kan. Verda treng at lottomillionærane bidreg mest. Til no har det vore tyst frå regjeringa om kva Noreg meiner bør vera det nye finansieringsmålet. Kor mykje skal koma frå offentlege midlar versus private, kor mykje skal gå til kutt versus klimatilpassing, og korleis har me over tid tenkt å bidra til meir føreseielegheit i ei verd som desperat treng det? Kan utviklingsministeren i dag fortelja kva lottomillionæren Noreg meiner skal verta det nye klimafinansieringsmålet, og kor mykje Noreg skal bidra med? Statsminister Støre prioriterte å dra på G20-møtet i Brasil framføre på klimatoppmøtet i Baku. G20 er ei mektige gruppe, og den gjengen av lottomillionærar har stor påverknad på utfallet av klimatoppmøtet. Kan utviklingsministeren i dag fortelja kva Noregs posisjon på G20-møtet er, og om me kjem til å få noko signal om kva rike land vil bidra med av klimafinansiering? Vil Noreg verta med på Brasil og arbeidsgruppa sitt forslag om ein skatt for dei superrike?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat