Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 28. nov 2024
Innlegget
Me er vitne til ein menneskeskapt tragedie i Palestina. Det er uuthaldeleg, og det er utilgjeveleg. Tusenvis av uskuldige menneske vert slakta ned på Gaza, dag etter dag, av den militære overmakta og okkupanten Israel. Sjuke og lemlesta menneske vert brende levande. Småbarn vert skotne med fullt overlegg av dronar og soldatar. Barn svelt og døyr, mens naudhjelp vert stoppa på grensa. I praksis vert alle desse brutalitetane støtta fullt ut av USA. Dette blodbadet kunne ha vorte avslutta med eit pennestrøk av Vesten når som helst, om det var politisk vilje til det. Israels fullstendige forakt for reglar i krig er eit stort skritt tilbake for alle som ønskjer seg ein verdsorden basert på menneskerettar og folkerett framfor den sterkaste sin rett. I helga gjekk kommentator Hanne Skartveit hardt ut mot utanriksministeren og meinte at han fører ein aktivistisk utanrikspolitikk som ikkje tener norske interesser, og tok samtidig til orde for å kasta alle norske prinsipp på båten. Barth Eide fekk bl.a. kritikk for å ha støtta våpenboikott av Israel, fordi dette òg vert støtta av autoritære regime som truar våre verdiar og vårt levesett. Eg vil rosa utanriksministeren for hans sobre svar. Takk! Er det verkeleg sånn at Noreg ikkje skal stå opp mot folkemord fordi nokre slemmingar òg er mot folkemord? Er det sånn at Noreg skal sitja stille og sjå på at barna i Gaza vert utsletta fordi politikarar i USA har interesse av at denne vondskapen får forsetja? Kva for verdiar er det då Noreg har igjen? Er det eigentleg dette Høgre og Framstegspartiet òg meiner – at Noreg ikkje lenger skal slutta opp om folkeretten fordi det har kome ein skruppellaus populist i Det kvite huset? For Miljøpartiet Dei Grøne er det ekstremt viktig at Noreg forsvarer folkeretten, uansett kven som bryt han, og det er ekstremt viktig at me står opp for menneskeverd og menneskeliv – alltid. Å støtta Palestina er ikkje i konflikt med våre interesser, som nokon ser ut til å hevda. Å stoppa folkemord og redda uskuldige liv og å kjempa for ein fungerande internasjonal rettsorden er våre mest grunnleggjande interesser. Det er ekstremt viktig for oss i Miljøpartiet Dei Grøne at Noreg gjer langt meir for Palestina og for menneska som no lir stort i Gaza, men òg i stadig aukande grad på Vestbredden. Noreg må vera eit land som tør å setja ned foten overfor Israel og stilla det stadig meir korrupte og autoritære Netanyahu-regimet til ansvar for folkerettsbrota. Noreg har ingen gode grunnar til å halda tilbake lenger, og me kan ikkje verta sitjande i etterkant og vita at me kunne ha gjort meir. Her må regjeringa ta langt større grep. Ein internasjonal våpenembargo mot Israel er tiår på overtid. Regjeringa må sørgja for stopp av alle leveransar av norskproduserte våpen til Israel, og verda må samlast om økonomisk boikott, stoppe Equinors horrible Rosebank-prosjekt og trekkja oljefondet ut av menneskerettsbrot. Situasjonen i Libanon er òg svært alvorleg og truar framleis livet og fridomen til millionar av menneske, sjølv om det no er inngått våpenkvile mellom Israel og Hizbollah. Eg vil takka forslagsstillarane for å fremja ei rekkje gode forslag som Miljøpartiet Dei Grøne i all hovudsak vil støtta. Miljøpartiet Dei Grøne har òg fremja to forslag til, som tek til orde for at Noreg kan gjera meir for å bidra til å stabilisera Libanon. Libanon er eit fragmentert samfunn der nauda har vore stor i mange år. Israels angrep har forverra dette kraftig og auka sjansen for indre strid i landet. Noreg og omverda må no openbert ta ei større rolle i å førebyggja interne konfliktar og vald. Landet har opplevd borgarkrig før, og me har ingen garantiar for at det ikkje vil skje igjen i løpet av få år. Det trengst sjølvsagt stor internasjonal innsats no, men det trengst òg langvarig støtte til lokale grupperingar og sivilsamfunn som jobbar mot intern konflikt. Me veit at dei finst. Me veit at dei treng vår hjelp, og dei får ikkje nok i dag. Å starta ein krig går fort. Å byggja freden tek tid. La oss begynna no. Eg tek med dette opp Miljøpartiet Dei Grønes forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat