Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. des 2024

Aleksander Øren Heen
Aleksander Øren Heen
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Det er, som fleire har vore inne på, ei krevjande sak me har føre oss, og då er det ofte nyttig å rydda og å stilla opp nokre prinsipp for korleis ein sjølv tenkjer rundt slike saker. For meg har det vore avgjerande at ein har nokre medisinske haldepunkt å forhalda seg til, bl.a. at ein har befruktning som eit tidspunkt, ein har ei grense for levedyktigheit som eit tidspunkt. Eg meiner det er mogleg å fastsetja noko innanfor der, og eg har landa ned på at 18 veker er ein tilstrekkeleg buffer opp mot grensa for levedyktigheit, og kjem difor til å røysta for det. Eg er glad for at det også i Senterpartiet er rom for å ha ulike meiningar om denne saka. Det er ikkje noko nytt. Me hadde diskusjonar på landsmøtet. Eg hadde òg ein dissens i programkomiteen til det som programmet som no gjeld, er tufta på. Sånn sett har mitt syn vore kjent i denne saka i lengre tid, så det trur eg ikkje overraskar nokon. Eit anna moment som har kome opp, og som kanskje har vore mindre framme i det offentlege ordskiftet, iallfall fram til no, er saka om fostertalsreduksjon. Det er klart at det er eit noko større etisk dilemma, men eg vil gjera greie for korleis eg har tenkt rundt det. Dersom ein fyrst har akseptert og landa ned på at 18 veker er eit akseptabelt veketal for abort, finn eg det krevjande – med dei risikovurderingane som ein ser ligg i saka – å skulla ha eit anna syn på veketal knytt til fostertalsreduksjon. Det heng i hop. Eg vil òg snakka litt om retten kvinna har til å bestemma, som mange andre i dag har vore innom. Eg er nok einig med dei som meiner at det ikkje er noka reell utviding i den abortlova som ein skal vedta i dag, når ein går til veke 18. Det er gjeldande praksis. Det handlar om kven som skal ha det siste ordet. For meg er det avgjerande at det er kvinna sjølv og hennar familie som har det siste ordet i desse sakene, og ikkje nokon som me i denne salen har gjeve mynde til, og som skal ha betre kunnskap for å kunna ta ei så krevjande avgjerd. Det blir til sjuande og sist tunga på vektskåla for min del. Det er kvinna sjølv som må ta den avgjerda. Noko anna vil etter mitt syn vera eit for stort statleg inngrep.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat