Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Kvinners rett til sjølvbestemt abort er ein grunnleggjande verdi i Noreg. Det er fellesskapet si oppgåve å sikra gravide kvinner likeverdig rett til abort og tilgang til trygge abortar. Det å bli gravid skaper mange følelsar. For dei aller fleste er det svært etterlengta og ei stor glede. Andre er tydelege på at dei ikkje ønskjer å fullføra svangerskapet. Abort skal vera ein grunnleggjande rett. I Senterpartiet sitt stortingsprogram står det at me ønskjer å «Vidareføra dagens abortlov med sjølvbestemd abort fram til veke 12. Gjennomgå arbeidsmåten til nemndene, rolle og namn». Gjennom Hurdalsplattforma blei me einige med Arbeidarpartiet om å setja ned eit utval som skulle sjå på bestemmingane i abortlova, oppfølging av kvinner som tek abort, og sjå på alternativ til dagens abortnemnder, noko som resulterte i NOU-en «Abort i Norge – Ny lov og bedre tjenester». I Hurdalsplattforma står det òg at regjeringspartia står fritt til å søkja fleirtal i Stortinget for sine standpunkt om abortlova. Senterpartiet og Arbeidarpartiet har lagt fram ei lov med stor einigheit. I tillegg har Senterpartiets statsrådar lagt fram to dissensar: å vidareføra dagens abortgrenser og å framleis ha alle fosterantalsreduksjonar i nemnd. Eg er glad for Senterpartiets tradisjon med å fristilla representantane i stortingsgruppa i slike saker. Gjennom arbeidet med abortlova dei siste tre åra har eg gjort meg nokre refleksjonar. Det aller viktigaste for meg er at kvinner blir møtt på ein mykje betre måte. Det gjeld kvinnehelse generelt, men i dette tilfellet møtet med samfunnet, møtet med abortnemnder og møtet med helsevesenet. Det gjer vondt å høyra historier om folk som opplever forskjellsbehandling og fordomar. Slik skal det ikkje vera. Gjennom mange år har norske kvinner gjeve tilbakemelding om at me ikkje blir møtt på ein god nok måte. Kvifor har det ikkje blitt gjort noko før for å ta betre vare på oss? Vårt mål er at kvinner alltid skal bli møtt på ein god måte, og eg er glad for at dette har kome tydelegare fram gjennom media, i staden for det einsidige fokuset på veketal. Det er mange endringar som må gjerast uavhengig av veketal. Eg er oppteken av kvinners rett til å bestemma sjølve, respekten for det ufødde liv og retten til å fullføra svangerskapet. Den nye føremålsparagrafen tek inn alle desse omsyna, og det styrkjer lova. Eg er oppteken av at kvinner ikkje skal oppleva press for verken å avbryta eller å fullføra svangerskapet. Me høyrer om folk som opplever press for å avslutta svangerskapet fordi det er oppdaga noko som er avvikande. Det er ikkje greitt. Me tek no bort den dobbeltrolla som abortnemndene hadde. Det er viktig at dagens nemnder blir reformerte. Dei nye nemndene skal leiast av ein lege der fleirtalet skal vera kvinner, og ansvaret for informasjon og rettleiing skal takast ut. Informasjon og oppfølging blir no ein lovfesta rett, men i helsevesenet. Å oppretta nye nemnder imøtekjem viktige innvendingar mot dagens abortnemnder, og møte med dei nye nemndene skal opplevast mindre belastande enn dei gravide opplever i møte med dagens nemnder. Større krav til openheit om praksis er nødvendig, kvinner skal alltid bli møtt på ein god måte, og det skal leggjast avgjerande vekt på kvinnene si eiga vurdering. Den nye lova styrkjer rettane til mindreårige og til menneske med funksjonsnedsetjingar. Ingen skal bli tvinga til å ta abort om dei gjev uttrykk for at dei ikkje ønskjer det, og alle skal bli lytta til. Bestemmingane i gjeldande lov om gravide som ikkje har samtykkekompetanse, er på ei rekkje område problematiske og sikrar ikkje rettane til funksjonshemma godt nok. Blant anna avgrensar gjeldande lov tilgangen til å bestemma sjølv ut frå diagnose og ikkje ut frå ei konkret vurdering av forståinga og evnene til den gravide. Det er ei styrking av lova at medisinske tilstandar ikkje skal gje ein direkte tilgang til å innvilga abort, men betydinga tilstanden har for svangerskapet, fødselen, barnets oppvekst og omsorga for barnet. Dette blir gjort av omsyn til forbodet mot diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne. Senterpartiets statsrådar har, som sagt, teke dissens i regjering på to punkt i forslaget til ny abortlov: å bevara dagens grense for sjølvbestemt abort, utgangen av 12. svangerskapsveke, og å framleis ha all fosterantalsreduksjon i nemnd. Mange tilstandar som kan grunngje abort, kan bli oppdaga før veke 18. Då kan den gravide stå endå meir åleine i svært vanskelege val. Det kan òg bli vanskelegare å bera fram barn som har avvik. Eg meiner at fosterantalsreduksjon ikkje skal reknast som abort når svangerskapet fortset. Det er i tillegg medisinske årsaker til at det ikkje i alle tilfelle er mogleg å gjennomføra eit slikt inngrep. Som følgje av forslaget om å vidareføra dagens grenser for abort inneber dette behov for fleire abortnemnder enn det som ligg i forslaget frå regjeringa. Eg tek difor opp forslag om det, saman med dei to andre forslaga eg er med på. Det aller viktigaste er at folk blir møtt av samfunnet og av staten utan forskjellsbehandling og utan fordomar. Eg er difor glad for at me i dag får styrkt store delar av lova.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Innlegg · 3. des 2024 — OverStortinget