Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 3. des 2024

Innlegget
Som eg nemnde i innlegget mitt, er me opptekne av både sjølvråderetten til kvinner og respekt for det ufødde livet. Me ser at dagens grense kan bidra til å beskytta mot mindre aksept for det uperfekte og det som er annleis, og me opplever at ei utviding av abortgrensa tonar ned fosteret sin verdi. Me ser gjennom NOU-en frå abortutvalet at fleire kvinner melder tilbake om at dei opplever at det å gå gjennom ei abortnemd kan vera ei støtte for dei i valet deira, og me meiner at ei behandling i abortnemnd etter utgangen av veke 12 gjer at interessene til fosteret blir tekne i betraktning, og at ein kan vera til hjelp for menneske som opplever press.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat