Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 3. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland
Innlegget
Som eg sa i det førre spørsmålet, er dette ein balanse. Det eg òg sa i innlegget mitt, er at eg sjølvsagt er oppteken av at kvinner skal ha rett til sjølvbestemming. Men det som er aller viktigast for meg, er at kvinner blir møtt på ein god måte. Det er difor me reformerer abortnemndene i dag, for å imøtegå dei tilbakemeldingane og den kritikken som har vore mot dagens abortnemnder. Og så er eg oppteken av at kvinnas eigne vurderingar i stor grad skal bli tekne omsyn til òg i abortnemndene.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat