Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

No ser det ut som det kan nærma seg slutten av debatten, så eg ønskjer å takka for ein fin og verdig debatt her i dag. Så litt stemmeforklaring: Det eg har lært dei siste dagane, er at det finst ingen fasit, men eg ønskjer å rosa sekretariatet for at dei har prøvd å rydda i hovuda våre. Når det gjeld §§ 3 og 4, opplever eg at det er hovudessensen i det som eg har lagt inn forslag på, nemleg at eg ikkje ønskjer å utvida abortgrensa, og heller ikkje ønskjer å opna opp for at fosterantalsreduksjon skal vera sjølvbestemt. Eg har difor landa på at eg kan stemma imot første ledd både i § 3 og i § 4. Ved å kunna stemma imot dei første ledda synleggjer eg min motstand mot utviding av abort, men eg vil då stemma for sjølve loven, fordi eg er einig i store delar av han, og eg ønskjer difor at det ikkje skal bli brukt mot meg seinare. Når det gjeld dei lause forslaga, er me sjølvsagt òg fristilte, men eg kjem til å støtta forslag nr. 19, frå Høgre, og eg kjem til å stemma imot forslag nr. 20, frå Venstre. Eg er veldig glad for initiativet som kom frå Sanitetskvinnene og Venstre. Eg håpar at me klarar å styrkja oppfølginga og støtta rundt menneske som opplever spontanabort, men i dette tilfellet er mi vurdering at dette blir på feil plass, og at det vil vera eit eige løp, som me forhåpentlegvis skal klara å løfta seinare.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Innlegg · 3. des 2024 — OverStortinget