Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

«Vi elsker moderskapet og vil dets vel, men i full frivillighet og under vort eget ansvar», sa Katti Anker Møller i 1915. Hundreogni år seinare står me her, og eg vil takka for ein hittil verdig debatt om eit tema som kjennest veldig personleg, og som er vanskeleg for mange. Eg vil takka helse- og omsorgskomiteen for eit nøye arbeid. Miljøpartiet Dei Grøne tilhøyrer ein større internasjonal grøn partifamilie med røter i miljøbevegelsen, fredsbevegelsen og kvinnebevegelsen. For oss som parti og bevegelse ligg kvinna sin sjølvråderett til grunn. Sjølvsagt gjer det det, for det er kvinna sjølv som er best i stand til å ta val for sin kropp og sitt liv. Difor må abortspørsmålet alltid ta utgangspunkt i enkeltkvinna sjølv og ønska hennar. Oppgåva til myndigheitene skal vera å sørgja for at ei kvinne som ønskjer å avbryta eit svangerskap, får den hjelpa ho treng. Ei moderne abortlov må difor ikkje påføra abortsøkjande kvinner skyld og skam, eller påføra familiar ekstra stress og sorg, men beskytta og hjelpa dei som av ulike grunnar har kome i ein veldig vanskeleg situasjon. Kvinner som oppsøkjer hjelp, skal sleppa å måtta utlevera endå meir dokumentasjon eller informasjon om situasjonen sin, og dei skal ikkje behandlast som om kroppen deira er til disposisjon for staten sine interesser, eller ha ansvar for kva slags haldningar andre folk der ute måtte ha. Det er bra at abortnemndene no kjem til å sjå annleis ut enn det dei har gjort tidlegare. Sjølv om dei aller fleste kvinnene som har fått saka si i ei nemnd, har fått medhald, har abortnemndene for mange vorte sjølve symbolet på det å mista råderetten over eigen kropp. Når så mange kvinner har meldt frå om at nemndene har vore ei ekstra belastning i ein allereie nesten umogleg situasjon, må det lyttast til. Det er eg veldig glad for at eit stort fleirtal på Stortinget gjer i dag. Det er bra at kvinnene sjølve får ta valet fram til veke 18, og at nemndene no får ei anna rolle, med større fokus på å støtta kvinna. Retten til å bestemma over eigen kropp er både ein grunnleggjande menneskerett og ein grunnleggjande del av rettssikkerheita vår. Han omfattar dessutan sjølvråderetten og retten til familieplanlegging, integritet, privatliv, ikkje-diskriminering, liv, helse og fridom frå tortur. Me lever dessverre i ei verd og i ei tid då alle desse rettane står på spel. Me veit kor forferdelege konsekvensar det har for enkeltpersonar og for samfunnet om ikkje retten til trygg abort er sikra. Kampen for trygg abort i Noreg har vore lang, og me skal ikkje leggja skjul på at det har vore nettopp det – ein kamp. Kampen for trygg abort for kvinner i Noreg og i verda ligg heller på ingen måte bak oss. Me må kjempa for å oppretthalda desse verdiane og desse rettane i Noreg kvar dag, og me som er så rike og så frie som me er i Noreg, har ei moralsk forplikting til å bruka posisjonen vår til å kjempa for rettane til kvinner i heile verda. Millionar av kvinner og jenter bur på stader der myndigheitene avgrensar, forbyr og kriminaliserer abort i dag. Kvar gong myndigheitene ikkje ivaretek den forpliktinga dei har til å sikra livet og helsa til kvinner, vert dei grunnleggjande menneskerettane til kvinnene brotne. Det skal me ikkje stå stille og sjå på. Miljøpartiet Dei Grøne kjem til å stemma med fleirtalet i komiteen i denne saka. I tillegg støttar me tillegget i forslag nr. 11 frå SV og Raudt, om at eit svangerskap kan avbrytast utan omsyn til føresegnene i denne lova dersom den gravide har vore utsett for incest eller valdtekt, eller dersom den gravide er mindreårig. Me kjem òg til å stemma for forslag nr. 1, om å be regjeringa utarbeida ei nasjonal fagleg retningslinje for heile abortforløpet inkludert abort i primærhelsetenesta.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 3. des 2024 — OverStortinget