Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 5. des 2024

Innlegget
Representanten Solberg har i tidlegare rolle teke til orde for at folk skal kunna få fleire ungar, og det trur eg me er einige om. Difor er det litt rart å sjå i Høgre sitt alternative statsbudsjett, som representanten Solberg no har prøvd å forsvara, at dei salderer med småbarnsforeldra sin økonomi. Solberg vil innføra ei ny mjølkekartongavgift og ein ny bokmoms, som bl.a. gjev dyrare skulemjølk og litt færre valfridom for nattahistorier på sengekanten. Ein familie i Oslo med ein unge i barnehage får med Høgre sitt opplegg ei ekstrarekning på 6 616 kr, mens ein tilsvarande familie i Sogndal, der eg bur, får ei ekstrarekning på 12 116 kr. Høgre lagar med andre ord halvårsbarn når kostnadsveksten kjem ved årsskiftet og inntektene ikkje aukar før i juli. Korleis meiner Solberg at auka barnehagedekning og god natt-moms bidreg til at folk skal få fleire ungar?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat