Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. des 2024

Aleksander Øren Heen
Aleksander Øren Heen
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Nei, me har teke med barnetrygda i den utrekninga eg gjorde. Problemet er at den ekstra barnetrygda som Høgre legg på bordet, ikkje startar å telja før 1. juli, mens kostnadene knytte til barnehageplassen, som ein legg på, startar å løpa frå 1. januar. Difor blir dette halvårsbarn og ei stor ekstrarekning. Så legg Høgre på 200 mill. kr for å sikra eit såkalla løpande opptak i sitt statsbudsjett, men i budsjettavtalen som regjeringspartia har inngått med SV, legg me på ein halv milliard til det same føremålet. Eg vil jo tru at det å auka grunnbemanninga i barnehagane er det som gjev rom for å kunna ha eit meir løpande opptak. Utfordringane er ulike, og me har litt tillit til at dei som faktisk eig og driv barnehagane, nettopp kommunane, kan finna gode løysingar når me no stiller auka ressursar til rådigheit.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Aleksander Øren Heen (Senterpartiet) — Replikk · 5. des 2024 — OverStortinget