Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. des 2024

Aleksander Øren Heen
Aleksander Øren Heen
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Det er no eingong slik at ein kjem litt lenger med 500 mill. kr enn med 200 mill. kr, og om det kan løysa utfordringa med desemberbarna, så kan i alle fall 500 mill. kr løysa det for litt fleire, for det er den same utfordringa for oss som har ungar fødde i januar, at ein må ta permisjon utan løn lenger. Eg har tru på at kommunane klarar å finna gode løysingar på dette. Problemet i barnehagesektoren i dag er jo mangel på folk. Ein må utdanna fleire, og ein må ha gode vilkår for dei som skal jobba i barnehagane. Det er det ønsket som blir rapportert til oss når me er rundt omkring. Me har stor tillit til at kommunane finn gode løysingar på dette. Me ser at mange leverer løpande opptak i dag, men det har rett og slett i stor grad med bemanning å gjera. Der bidreg me no med å leggja 300 mill. kr meir på bordet til dette tiltaket enn kva Høgre gjer i sitt alternative statsbudsjett.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat