Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. des 2024

Innlegget
Me gjekk inn i denne stortingsperioden med ei perspektivmelding i ryggen som sa at det no er avgjerande at me greier å vidareføra det viktige arbeidet Solberg-regjeringa hadde begynt, med å skjera ned på offentlege utgifter og førebu næringslivet på ein stor snuoperasjon inn mot det grøne skiftet, for å sikra arbeidsplassar og næringsutvikling for komande generasjonar. Offentleg pengebruk måtte ned, for demografien kjem til å utfordra oss stadig meir. Me må jobba smartare, for kvart år vil det stå færre arbeidstakarar bak kvar person som er ute av ordinært arbeidsliv. For tredje år på rad ser me likevel eit budsjett, gjort opp med SV, der offentlege utgifter eser ut, der me brukar meir på drift av AS Noreg, der byråkratiet aukar, og der fleire står utanfor jobb, utan at det vert lagt til rette med dei beste verktøya for å få dei tilbake. Ja, denne regjeringa har til og med gjort det verre for unge å prøva seg i arbeid ved effektivt å avvikla bemanningsbyrå, ved å innføra uføreseielege skattar og avgifter og ved å skapa politisk risiko som gjer at investorane ikkje vågar å satsa. No ser me ein byggebransje som kneler, spesielt på Vestlandet, som eg representerer. Private vegrar seg for å setja i gang nye prosjekt, skatte- og avgiftsnivået er for høgt, investorane vert ønskte god tur til Sveits, og havbruksnæringa har framleis frose fleire titals milliardar i prosjekt fordi den Arbeidarparti–Senterparti-styrte regjeringa vart for grådig i sin iver etter å skattleggja næringa. Fylkeskommunane er sveltefôra, ingen offentlege prosjekt vert sette i gang, og alle investeringar vert skyvde fram fordi underfinansiering av kollektivtransport og andre fylkeskommunale oppgåver et opp kapital som skulle gått til investeringar. I forhandlingane med SV har regjeringa i sin visdom gått med på å auka dei offentlege utgiftene ytterlegare. Høgre har i sitt budsjett lagt vekt på å visa retning for den politikken me vil føra. Me prioriterer å byggja landet, byggja grunnmuren for komande generasjonar. Difor vil me heller bruka pengar på hurtigbåtteknologi, som i framtida vil skapa arbeidsplassar og redusera utslepp i alle verdas hamnebyar. Me vil prioritera fylkesvegar, som gjer at varer og tenester og ikkje minst folk kjem effektivt og trygt fram. Me vil prioritera oppstart av fleire viktige samferdselsprosjekt, som bidreg til effektivisering og sikrar næringslivet. Det betyr samtidig at me ikkje vil prioritera å gje friske 27-åringar 75 pst. reduksjon på tannlegerekninga. Politikk er å prioritera og ikkje berre ausa ut og gje våre etterkomarar jobben med å ta oppvasken.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat