Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 5. des 2024

Innlegget
Gjennom dei åtte åra partiet til representanten støtta ei borgarleg regjering, var det heile Noreg utanfor Oslo som fekk svi. Dei støtta kommunenedleggingar og domstolsnedleggingar, dei fjerna politiet frå lokalsamfunna og la ned dei statlege tenestekontora, dei kutta i pendlarfrådraget, dei gav ikkje noko løft for landbruket og innfridde ikkje behovet landbruket hadde for ei krisepakke gjennom heile sommaren 2021. Me innfridde behovet etter nokre dagar i regjering. No kjem Høgre, Framstegspartiet og Venstre i ope lende mot heile-Noreg-politikken, som er innført med Senterpartiet i regjering. Høgre og Framstegspartiet går inn for å leggja ned to av tre kommunar, noko som vil bety massiv sentralisering av barnehagar, skular og eldreomsorg. I tillegg kjem fjerning av gratis ferjer, høgare prisar på dei andre ferjesambanda, kutt i pendlarfrådraget, fjerning av ordning med sletting av studiegjeld, dyrare barnehage, fjerning av bygdevekstavtalar og høgare drivstoffavgift, berre for å nemna noko. Kan verkeleg Kristeleg Folkeparti stå inne for eit sånt samarbeid?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat