Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 5. des 2024

Innlegget
Det er skremmande å høyra at Kristeleg Folkeparti ønskjer å gjera meir av det som blei gjort sist. Ein gong i tida rekna jo Kristeleg Folkeparti seg som eit parti for distrikta, og som eg sa: Under dei åtte åra var det ein distriktsfiendtleg regjering dei støtta, og som dei igjen ønskjer å støtta. Erfaringa mi frå Rogaland er at med éin gong Kristeleg Folkeparti får makt saman med dei borgarlege, går det ut over distrikta. Blant anna innførte dei betaling på dei gratis ferjene som både folk og næringslivet på øyane våre nyttar seg av. Heldigvis blei det reversert etter sterkt press frå oss i Senterpartiet. Ei eventuell borgarleg regjering vil jo, som me ser gjennom dei alternative statsbudsjetta til både Framstegspartiet, Høgre og Venstre, auka barnehageprisane, noko som òg er eit sosialt kutt og eit sosialt tilbakesteg. Det vil særleg gjelda for distrikta. Det som kanskje burde bekymra Kristeleg Folkeparti endå meir, er at ein vil skru av lysa i kyrkjer og bedehus over heile landet med ei ny borgarleg regjering.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat