Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

«Nå vil eg heim te Vindafjord, finaste plassen som finnes på jord», syng vårt lokale band FYK i ein av mine favorittsongar. Det ville eg, nemleg, og i april tok me over hus i heimbygda mi etter at eg hadde budd vekke i mange år. Vindafjord bikkar akkurat 9 000 innbyggjarar, og trass i at talet går oppover, manglar me framleis mykje kompetanse. Vindafjord har eit enormt næringsliv, med bedrifter som bl.a. Hatteland, AutoStore, Westcon og Omega – alle bedrifter som treng spesialisert kompetanse. Bedriftene i Vindafjord bidreg til både verdiskaping og arbeidsplassar lokalt og nasjonalt, men ikkje minst internasjonalt. Me har meir innpendling enn utpendling. I haust kom nyheita om at me som bur i kommunar som Vindafjord gjennom heile 2025, slik reglane i Lånekassen er, får sletta 25 000 kr av gjelda vår i Lånekassen 1. januar 2026 – likeins året etterpå, året etter det osv. I realiteten er det til og med meir enn 25 000 kr i året. Folk med spesialisert kompetanse har ofte høg gjeld i Lånekassa, og det vil difor vera eit godt insentiv til å flytta til kommunar som Vindafjord. Det betyr at me får meir kompetanse rundt om i bygdene, og eg får forhåpentlegvis fleire naboar og sambygdingar på min alder. Vår største konkurrent om arbeidsplassar er nemleg Oslo og elles det sentrale Austlandet. Går eg rundt i Oslo, høyrer eg folk som skarrar på r-ane over alt. Hadde mange av desse flytta tilbake til Vestlandet, hadde det òg betydd at konkurransen om bustader i Oslo hadde gått ned – vinn-vinn kallar vi det. Hos oss er veldig mange av bedriftene eigt av lokale folk. Det synest eg er kjempebra. Det betyr òg at me må fortsetja å sikra lokalt eigarskap. Eg er glad for at Senterpartiet bl.a. vurderer å auka botnfrådraget for formuesskatt. Å redusera skatt på næringseigedom i distrikta har me allereie gjort. Desse tiltaka, saman med differensiert arbeidsgjevaravgift, auke i pendlarfrådraget og billegare barnehage, har eg tru på er eit stort løft for næringslivet hos oss, men òg for bygdene rundt om i Vindafjord. Det skjer berre med Senterpartiet i regjering.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat