Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. des 2024
Innlegget
Det er noko i tida, i tidsånda, som gjer meg djupt uroleg. Mange folk, særleg unge folk, har mista trua – trua på at det går an å løysa dei store problema me står i: klimaendringane, naturkrisa, aukande ulikskap. Resignasjonen brer seg, det er apati, folk gjev opp. Når ein ser korleis dagens politikk ser ut, er det kanskje ikkje så rart, for mens verda brenn, legg stortingsfleirtalet fram eit statsbudsjett som berre gjer små endringar. Dei gjev inntrykk av at alt er under kontroll, ein treng berre litt justering, men alle veit jo eigentleg betre. Me forstod tida me levde i, og gav svar folket trudde på, sa Trygve Bratteli om kvifor Arbeidarpartiet kunne ha så stort fleirtal år etter år. Akkurat no verkar det som om Arbeidarpartiet ikkje eingong forstår seg sjølv. Kven skal folket tru på då? Alle i denne salen veit eigentleg at klimakrisa ikkje kan løysast med fine ord. Dei veit at naturen vår ikkje toler fleire år med rovdrift, og dei veit at sosial ulikskap og utanforskap ikkje kan reduserast med system som aukar forskjellane, og som legg meir vekt på mistenkjeleggjering enn på å hjelpa. Det Noreg treng, er systemendring, modige grep som set oss på ein ny kurs. Me treng politikarar som faktisk vil forstå den alvorlege tida me lever i, og som prioriterer det viktige. I Søndre Nordstrand her i Oslo har dei heldigvis ikkje gjeve opp enno. Der er dei forbanna, med god grunn, og marsjerer i protest på Holmlia i kveld. Mens regjeringa fullstendig overser dei underliggjande problema i storbyane våre og ikkje sikrar framtida til dei unge, men berre er opptekne av kor mange dei kan straffa og fengsla, skal Høgre-byrådet, saman med Framstegspartiet, gje eigedomsskattelette til dei rikaste i byen og kutta i velferdstilbodet til dei som treng det – kutta i barnehagane og leggja ned fritidsklubbane i dei mest sårbare områda av byen. Kvifor grip ikkje regjeringa inn? Kvifor stiller dei ikkje opp for oss? Kva trur dei at resultatet av denne politikken vert? Miljøpartiet Dei Grønes gruppeleiar i Søndre Nordstrand skriv i Avisa Oslo at dette er «en sjeldent god oppskrift på hvordan etablere nye ghettoer». Artisten Flexi Aukan sa på Dagsnytt 18 i går: «Vi anser dette som en klassekrig, det er en klassekrig, dere ødelegger bydelen og barna våre.» Samfunnsforskar og Holmlia-bebuar Olav Elgvin sa på Dagsrevyen denne veka at dette er noko som heilt garantert vil verta veldig dyrt i det lange løp, for kommunen og for det norske samfunnet. Om det ikkje er trygge vaksne heime og du ikkje ser nokon menneske med makt som kjempar for deg, då er det lett å verta både sint og oppgitt. Om du f.eks. er ein ung gut i ein fattig familie i ein bydel der ein tredjedel veks opp i fattigdom, der ingen i storsamfunnet eller lokalsamfunnet gjev deg ein sjanse, ei utdanning, ein jobb, kva forventar regjeringa at du skal seia når kriminelle gjengar bankar på døra di og vil gje deg både tilhøyrsle og ein jobb? Me treng alle nokre trygge vaksne i livet, og Noreg treng at det er nokre trygge vaksne heime i regjeringa. Noreg treng ikkje meir motorveg, me treng ein bustad- og sosialpolitikk som fungerer, og som sikrar folk ein trygg bustad og mat på bordet. Me treng ikkje fleire billege plastdingsar frå Kina, fulle av miljøgifter, me treng gode barnehagar. Me treng ikkje endå større bilar eller billegare bensin, me treng at bussen går. Me treng ikkje billege sydenturar, me treng vatn i symjebassenga våre i bydelane, me treng symjeundervisning til barna og ein levande fjord. Med dette statsbudsjettet mister Noreg endå meir uvurderleg natur, og dei unge vert nok ein gong ofra for kortsiktig profitt. Regjeringa behandlar norsk næringsliv som om klimakrisa ikkje finst, og lèt som at oljealderen kan vara evig. Budsjettavtalen viser tre parti som er villige til å ta museskritt når det gjeld klima, men som fullstendig manglar evne og vilje til å gjera dei store omstillingane som trengst. Dei fortset å subsidiera oljeindustrien, samtidig som dei pratar om Noreg som ein klimapioner. Det heng ikkje i hop. Keisaren er fullstendig naken, og det ser folk. Det ville vore nesten komisk om det ikkje var så tragisk. Omstillinga ut av oljealderen er ikkje lenger eit val, det er ei nødvendigheit, men handlinga kjem ikkje frå fleirtalspartia. Det einaste dei gjer, er å setja ned endå eit utval. Det er parodisk. Tida for handling er ikkje eigentleg no, ho var i går. Mens resten av Europa stadig kjem nærmare fornybarsamfunnet, held Noreg stø kurs mot å verta ein akterutsegld økonomi blotta for innovasjon – Europas forlatne bensinstasjon. Mens regjeringa står med hovudet i sanden, får apatien fritt spelerom, og Framstegspartiet kan le heile vegen til vallokala, med ein Trump-light-bodskap om at vegen til lykke ligg i store bilar, meir motorveg og «drill, baby, drill». Ein av mange forskjellar på oss i Miljøpartiet Dei Grøne og Framstegspartiet er at me i Miljøpartiet Dei Grøne innser at Noreg er ein del av verdssamfunnet, og at me ønskjer å ta ansvar for vårt enorme fotavtrykk. Me i Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer eit norsk næringsliv som skal overleva, ikkje berre i morgon, men òg i overimorgon. Difor meiner Miljøpartiet Dei Grøne at det er lurt å investera i framtidas næringsliv, og me set av 20 mrd. kr til innovasjon og grøne arbeidsplassar. Me vil ikkje kasta bort pengar og natur, så me sparar over 11 mrd. kr på å unngå nye, unødvendige motorvegprosjekt. Me vil ikkje sløsa ressursar og pengar på å leita etter ein olje me veit me uansett ikkje kan henta opp. Me vil ikkje binda opp tida og kompetansen til flinke norske arbeidstakarar i ei næring som øydelegg kloden, og som FN tryglar oss om å slutta med. Noreg må slutta å føra Framstegsparti-politikk. Regjeringa må slutta å piska den døde hesten. Den døde hesten er pill ròten. Kva er dei store visjonane til regjeringa for framtidas næringsliv? Det er havbotnsmineralar, som ein har fått eit stort fleirtal i Stortinget med på. Det er ein skandale at den største miljøsigeren i dette statsbudsjettet ikkje er å restaurera øydelagd natur eller å få på plass ein skikkeleg redningspakke for Oslofjorden, som ligg desperat og døande utanfor vindauget her, men det er å utsetja ein ny miljøkatastrofe og ikkje øydeleggja sårbare og unike naturområde akkurat til neste år. At så mange feirar denne utsetjinga, det seier noko om kor låge forventningane til oss i denne salen har vorte. I mellomtida har Kina fått blod på tann og førebur seg på å gjennomføra massive naturøydeleggingar på havbotnen, inspirert av Noreg, som har bana veg. Når me ser korleis naturen vert behandla i dette budsjettet, er det som om regjeringa ikkje har forstått at me er midt i ei naturkrise, og at livet ditt og mitt er heilt avhengig av eit fungerande økosystem. Budsjettet er fullt av prosjekt som øydelegg naturen, og det er ikkje berre eit miljøproblem, det er eit økonomisk problem og ein enorm risiko. Miljørørsla har lenge åtvara oss, økonomar åtvarar oss, og no åtvarar finansbransjen, men dette budsjettet viser at regjeringa framleis ikkje har forstått alvoret. På sosialpolitikkområdet er det nokre små lyspunkt i budsjettavtalen. Aukinga i minstepensjon, barnetrygd og studiestøtte er bra, men det vert ikkje gjort noko for å ta tak i eit system basert på mistillit mot og kontroll av dei som er mest avhengige av hjelp. Korleis kan regjeringa godta at småbarnsforeldre i 2024 må stilla seg i matkø fordi velferdsstaten ikkje strekkjer til? Ein kunne enkelt, som Miljøpartiet Dei Grøne viser, ha gjeve barnefamiliane eit stort løft ved å auka barnetrygda kraftig, samtidig som ein skattlegg sånn at auken først og fremst går til dei med låg inntekt. Sosialhjelpsmottakarar må i dag gjennom audmjukande prosessar og fryktar at små feil i eit skjema kan ta frå dei heile livsgrunnlaget. Noreg treng noko heilt anna. Me treng ei ordning som gjev tryggleik for alle. Ei garantert minsteinntekt, som Miljøpartiet Dei Grøne føreslår, kan erstatta dagens byråkratiske system. Det handlar ikkje berre om økonomi, det handlar om verdigheit. Når menneske veit at dei har tryggleik i botnen, har dei ikkje berre sikkerheit, dei har fridom til å bidra i samfunnet utan frykt. Dei kan ha håp. Me lever i ei tid der naud og krig pregar verdssamfunnet, og me kan ikkje venda blikket bort. I Ukraina kjempar folk for sitt liv og sin fridom mot ein brutal okkupant. I Gaza lir millionar. Barn vert drepne, fengsla og svelta. Dei folka treng ikkje vår sympati, dei treng vår politiske og praktiske støtte. Det er fint at regjeringa har kome stortingsfleirtalet litt i møte og auka støtta til Ukraina, men Miljøpartiet Dei Grønes syn er at me treng ein langt meir ambisiøs politikk. I vårt alternative budsjett set me av 80 mrd. kr til Ukraina. Sikkerheita og velferda til framtidige generasjonar avheng langt meir av at Ukraina ikkje tapar denne krigen, enn av nokre milliardar til eller frå på Noregs aksjeverdiar i London. Dei med den sterkaste ryggen skal bera den tyngste børa. No klarer ikkje Noreg eingong å nå målet om 1 pst. til bistand. Kvar er dei store satsingane på naudhjelp til Gaza, der barn svelt og sjukehus vert bomba? Kvar er dei nye, innovative satsingane i bistanden? Me har ressursane, og me har eit moralsk ansvar. Miljøpartiet Dei Grøne vil at Noreg skal ta modige og kloke val. Tida me lever i, krev meir enn småflikking. Ho krev at me forstår og tek inn over oss krisene me står i, og gjev folk svar som dei kan tru på. Ho krev at me tør å tenkja nytt, sluttar å sløsa og begynner å prioritera. Med det tek eg opp Miljøpartiet Dei Grønes forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat