Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 5. des 2024
Innlegget
Eg tenkjer at svaret er at Noreg har fått meir av det same i fire nye år, og det er eit kjempeproblem. Når Riksrevisjonen fremjar kritikk mot regjeringa for ikkje eingong å ha skaffa seg verktøya for å klara å levera på Noregs klimamål, er ikkje det berre ein kritikk til Støre-regjeringa. Det er òg ein kritikk til føregåande regjeringar. Det at Noreg ikkje klarer å levera natur- og klimapolitikk år etter år etter år, er eit kjempeproblem. Me går til val neste år på å støtta ei regjering som faktisk vil føra ein ny miljø- og naturpolitikk, uavhengig av kva blokk det vil verta.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat