Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Representanten skal tolka svaret mitt dit hen at eg meiner at ingen norske regjeringar har ført ein ansvarleg klima- og naturpolitikk. Det som skjedde under Solberg-regjeringa, var òg ein stor auke i dei sosiale forskjellane i Noreg. Me i Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer ein natur- og klimapolitikk som skapar ei omstilling som går raskt, og som er omfordelande og rettferdig. Dette må me klara samtidig. Det er heilt, heilt vesentleg. Me ser på det som skjer i Oslo akkurat no, der dei borgarlege har kome til makta. Det som skjer, er at dei vel å kutta skattane for dei rikaste og kutta velferdstilbodet for dei svakaste. Det er ikkje ein politikk som denne representanten står inne for.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat