Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 5. des 2024
Innlegget
Valet i USA viser at Europa må ta større ansvar for å hjelpa Ukraina med å stå imot Putin og kreftene i vårt mektige naboland. Utfallet av krigen i Ukraina vil påverka tryggleiken til framtidige generasjonar i Noreg i langt større grad enn nokre milliardar til eller frå på ein konto i London. Staten har i mellomtida tent tusenvis av milliardar kroner på ekstraordinært høge gassprisar som følgje av krigen. Samtidig skjer klimaendringane og dei rekordstore naturøydeleggingane akkurat no. Me er framleis milevis unna å nå klimamåla og langt unna målet om å beskytta og verna natur og omstilla forbruk, infrastruktur og energisystem i Noreg til ein fossilfri økonomi og til eit robust miljø- og menneskevenleg samfunn. I innlegget mitt etterlyste eg trygge vaksne i politikken, som kan ta ansvar. Kan finansministeren gjera greie for korleis han meiner at eit budsjett utan tilstrekkelege midlar til Ukraina og utan nok midlar til å redusera klimagassutslepp og naturøydeleggingar er eit ansvarleg budsjett?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat