Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. des 2024
Innlegget
Anskaffingsutvalet har kome med fleire gode forslag til korleis innovasjonen kan bli betre innan offentlege anskaffingar, og det er framleis fleire mekanismar for dette. For det første: Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har som eit av hovudmåla nettopp å arbeide for at offentleg sektor gjennomfører effektive og innovative offentlege anskaffingar. Det er framleis fleire ordningar som konkret fremjar innovasjon. Innovasjon Noreg har ei ordning for innovasjonskontraktar der målgruppa i hovudsak er små og mellomstore bedrifter i heile landet. Ordninga er innretta mot prosjekt som er innovative, og som har internasjonale moglegheiter. I fjor fekk 100 prosjekt støtte. Det var innvilga nær 300 mill. kr, og 97 pst. av det beløpet er merkt med innovasjon på internasjonalt nivå. Vi har også leverandørutviklingsprogrammet, som jobbar for at fleire offentlege verksemder skal gjennomføre innovative anskaffingar. Det hjelper både kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder med å utfordre marknaden og la leverandørar finne nye løysingar som skal gje både betre tenester for innbyggjarane og meir effektive løysingar og næringsvekst. Leverandørutviklingsprogrammet hadde i 2023 64 aktive innovative anskaffingar, og sidan starten har det vore sett i gang nesten 500 anskaffingar. Programmet har vore eksternt evaluert og har hatt positive resultat. Gründermeldinga, som skal leggje opp til ei tydeleg forenkling av anskaffingsregelverket, er også nemnd. Eg vil også nemne eit siste punkt. Eg skulle gjerne ønskt at kommunar og fylkeskommunar, det offentlege, også var meir både innovative og aktive når det gjeld innkjøp av norsk mat. Beredskap og totalberedskap har vore drøfta mykje i denne sal. Matproduksjon er viktig for nasjonal beredskap, det trur eg det er tverrpolitisk einigheit om. Difor er det også generelt viktig med innkjøp av norske matvarer i det offentlege, og kanskje spesielt norsk frukt og grønt. Norskandelen av frukt og grønt i offentlege innkjøp er på ca. 20 pst., og han er faktisk lågare i offentleg sektor enn i både storhushaldningar og daglegvaremarknaden. Totalt utgjer innkjøp av norsk frukt og grønt ca. 230 mill. kr. Med litt meir innovasjon og nytenking burde den summen ha vore langt større.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat