Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. des 2024
Innlegget
Det er snart jul. Alle barn i Noreg burde kunne gleda seg til jul, men dessverre er det fleire og fleire barn som ser mot jula med ein stor klump i magen. Ifølgje UNICEF er det rundt 600 000 nordmenn som gruar seg til jul, og det gjeld særleg dei med låg inntekt og barnefamiliar. Me går no inn i den tredje jula med dyrtid, og i løpet av dei siste åra har kostnader til livsviktige ting som bustad og mat auka kraftig. Mens dei aller rikaste vert stadig rikare, slit barnefamiliar over heile landet med å få mat på bordet. Her i Oslo veks matkøane urovekkjande, og i mange av våre bydelar veks eitt av tre barn opp i fattigdom. Vårt viktigaste samfunnsoppdrag som stortingspolitikarar er å sørgja for at alle barn får ein god og trygg oppvekst. Å veksa opp i ein familie med dårleg råd påverkar ikkje berre barndomen din – det påverkar resten av livet. Ein av tre fattige barnefamiliar melder at barna ikkje får delta i fritidsaktivitetar. Dei får ikkje delta. Det er definisjonen på utanforskap. Difor synest eg det er veldig vanskeleg å forstå at ikkje Venstre vil verta med på å gjera noko med dei underliggjande problema, som å ta tak i den enormt problematiske bustadmarknaden, som skapar større og større økonomiske og sosiale forskjellar, og at Venstre i byrådet i Oslo ikkje gjer meir for hovudstadsbarna. Akkurat no pågår det desperate forhandlingar mellom Oslo Venstre og Oslo Høgre for å få Framstegspartiet med på eit rekordusosialt og destruktivt budsjett for Oslo, som vil leggja ned velferd for dei som treng det mest, og stengja fritidsklubbane for dei mest sårbare barna og unge i Oslo. Det er ein prekær situasjon me står i akkurat no, i dei mest sårbare delane av byane våre. Dette representantforslaget er heilt på sin plass, og eg vil takka representantane for å ha fremja det. Ei meir omfordelande innretning av barnetrygda er noko av det viktigaste me kan gjera for å løfta barn ut av fattigdom. Difor har me i Miljøpartiet Dei Grøne føreslått å auka barnetrygda til 31 535 kr for alle barn i vårt alternative statsbudsjett, samtidig som me innfører skattlegging av barnetrygda og fjernar foreldrefrådraget i skatten. Det er samtidig viktig at alle ytingar er føreseielege for familiane som treng dei, slik ekspertgruppa anbefaler. Eg vil òg melda at me kjem til å støtta forslaga nr. 2, 3 og 5 i saka. Me har ingen eigne forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat