Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Utsleppskutt på 9 pst. sidan 1990, utilstrekkelege og vage klimatiltak, usikkerheit og dårleg samordning og manglande styring – dette er norsk klimapolitikk oppsummert, og Riksrevisjonen slår fast at det er kritikkverdig. I dag hadde me moglegheita til å tvinga fram reell endring. Det er så fortvilande å stå her og konstatera endå ein gong at Miljøpartiet Dei Grøne framleis står heilt aleine om å ønskja ein ansvarleg klimapolitikk i Noreg. Klimakrisa må behandlast som akkurat det – ei krise. Det krev leiarskap, det krev mot, men så langt har me berre fått ansvarsfråskriving frå alle norske regjeringar. Når me treng handling, får me rapportar. Når me treng samordning, får me fragmentering. Når me treng reell omstilling i Noreg, får me usikre kvotar og fleksibilitetsmekanismar. Og Støre-regjeringa fortset propagandaen om at det finst rein olje og gass og skryter av Grøn bok. Olje og gass er gift for planeten vår uansett kven som pumpar det opp, og Grøn bok er eit rapporteringsverktøy, ikkje eit styringssystem. Grøn bok oppgjev ikkje den totale klimaeffekten av statsbudsjettet. Ho viser ikkje kva slags usikkerheit og vegval me står overfor. Ho gjev ikkje nok tiltak for å nå klimamåla, og er ikkje tydeleg nok på kva departement som har ansvar for å følgja opp dei ulike klimatiltaka. Støre-regjeringas svar på å løysa klimakrisa er redusert til eit mangelfullt vedlegg til statsbudsjettet, som ikkje ein gong vert politisk behandla her i denne salen. Det er som å skulla styra landet under koronapandemien og berre rapportera om kapasiteten på sjukehusa utan faktisk å gjera noko for å stansa smitten eller behandla sjukdomen. Det er uakseptabelt, og konsekvensane er enorme. Me i Miljøpartiet Dei Grøne tek inn over oss dei harde faktuma som forskinga og naturen sjølv viser oss. Klimakrisa me står oppe i, er ein eksistensiell trugsel. Naturkollapsen vil få katastrofale konsekvensar – for enkeltmenneske, for samfunnet – om nokre få korte år. Det døyr allereie tusenvis av menneske kvart einaste år, uskuldige barn svelt, tørstar, druknar og døyr på flukt frå klimakrisa. Det er trass alt ikkje noko hokuspokus å kutta utsleppa. Ein har kunnskapen som trengst; det handlar om å vera villig til å endra på ting. Å koma til nesten null i utslepp i 2050 skjer ikkje av seg sjølv. Det krev reell endring. Det krev ikkje berre kvotekjøp, men reell endring. Fleire land vi liker å samanlikna oss med, har starta omstillinga – Sverige, Danmark, Finland, Storbritannia og EU, for ikkje å gløyma Oslo. Det er ingen grunn til at Noreg ikkje kan henta inspirasjon herifrå og innføra betre klimastyring og samordning om berre viljen er der. Difor meiner me i Miljøpartiet Dei Grøne at det er sterkt kritikkverdig at regjeringa ikkje har etablert ei styring og samordning av klimapolitikken som er tilpassa vår tids aller største sektorovergripande samfunnsutfordring. At det finst representantar i Stortinget som ikkje trur på klimakrisa, altså ikkje trur på grunnleggjande fakta om korleis naturen vår fungerer, er sjølvsagt skremmande, men endå meir skremmande er det at me har regjeringar som fører politikk som om dei ikkje trur på fakta – som seier at klimapolitikken er viktig, men som i praksis fører klimafornektarane sin politikk. Regjeringa behandlar norsk næringsliv som om klimakrisa ikkje finst og lét som om oljealderen skal vara evig. Mens resten av Europa kjem nærmare nullutsleppssamfunnet, held Noreg stø kurs mot å verta ein akterutsegla, grå fossiløkonomi utan innovasjon og utan framtidstru: Europas forlatne bensinstasjon. Klimakrisa krev eit styringssystem med tydelege forpliktingar for alle sektorar og departement. Miljøpartiet Dei Grøne har fremja mange forslag til korleis Noreg kan samordna klimapolitikken betre, men har vorte ignorert og stemt ned. Det er tydeleg at klima ikkje er ei reell prioritering for Støre-regjeringa. Det er ekstremt bekymringsfullt at det tydelegvis heller ikkje vert prioritert høgt nok av andre parti i denne salen. Nok ein gong står Miljøpartiet Dei Grøne aleine om å ta kampen for å prioritera eit leveleg klima for barna våre. Med det tek eg opp forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 10. des 2024 — OverStortinget