Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

I sin rapport viser Riksrevisjonen til kjernegruppa for klima og grøn omstilling og deira arbeid, og dei skriv at arbeidet med strategien for denne gruppa har teke tid fordi «gruppen har brukt mye av tiden på å skape en felles forståelse blant departementsrådene om hva som er norsk klimapolitikk». Det er ikkje så rart at ein ikkje får framdrift i klimapolitikken dersom ikkje eingong kjernegruppa som er nedsett for å setja i verk klimapolitikken og sørgja for at han vert meir samordna og effektiv, sjølv veit eller forstår kva som er norsk klimapolitikk, og kva dei skal jobba mot. Spørsmålet mitt til statsråden er difor: Kva er eigentleg norsk klimapolitikk? Eg lurer også på om statsråden med heilt konkrete eksempel kan gjera greie for kva som er vorte gjort i dei ulike departementa etter rapporten frå Riksrevisjonen for å imøtekoma den kritikken som har kome, og for å oppfylla måla regjeringa har sett seg i Hurdalsplattforma.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat