Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Det var representantane frå SV og Venstre som fekk meg til å teikna meg. Det er Riksrevisjonen som her har lagt fram sin rapport, som i realiteten er slakt av regjeringa si klimastyring, manglande leiing, koordinering, samordning og verktøy. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det Riksrevisjonen viser, fortener sterk kritikk, ikkje berre kritikk. Me er det partiet som er tydelegast på det, og me hadde håpa å få med oss fleire andre parti. Eg vil minna om at det er Stortinget som fører kontroll over regjeringa, ikkje Riksrevisjonen. Dei har gjort ein uhilda gjennomgang. Miljøpartiet Dei Grøne tek jobben vår på Stortinget på alvor og klimakrisa på høgste alvor. Difor er det svært kritikkverdig at regjeringa ikkje leverer på det som er deira absolutte kjerneoppgåve, og på Stortingets veldig tydelege vedtak. Eg vil minna om at det ikkje er fyrste gongen ein føreslår denne typen vedtak i Stortinget. I 2018 vart det fremja mistillitsforslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV mot Solberg-regjeringa. I 2018 vart det gjort kritikkvedtak i samband med behandling av den same saka, Riksrevisjonens rapport om objektsikring. I 2005 vart det gjort kritikkvedtak frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og SV. Dette kan ein gjera. Me meiner det burde verta gjort i denne saka, og så får dei andre partia gjera som dei vil – og det har dei jo gjort. Eg vil òg minna om at det Riksrevisjonen her har vurdert, er eit systemproblem. Det at regjeringa Støre har sagt at klima og natur skal leggja ramma for all politikk, har dei openbert ikkje følgt opp godt nok, men det har heller inga tidlegare regjering gjort. Det er det som gjer at Noreg no står i denne veldig alvorlege situasjonen. Me håpar på ei ny regjering snart som kan ta klimaproblemet meir på alvor.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 10. des 2024 — OverStortinget