Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. des 2024

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Ikkje overraskande kan gjerne statsråd Nygård koma fram, for me må bora litt meir i togproblematikken. Eg hadde gleda av å vera i Dagsnytt 18 med statsråden på måndag. Då var det forseinkingar og kaos på toga som igjen var tema, for kvar dag vaknar pendlarane og lurer på om dei kjem seg på jobb, om dei får henta i barnehage til avtalt tid. Berre i ni av årets arbeidsdagar har Bane NOR levert ein infrastruktur utan problem. Det er klart at dette er fullstendig uhaldbart for dei reisande. Me opplevde i sendinga at statsråden dreiv med ein liten porsjon ansvarsfråskriving. Han påstod at forklaringa på dette kaoset togkundane i dag opplever, er å finna i jernbanereforma, men verken Riksrevisjonen eller andre har så langt me har sett, vist til jernbanereforma som forklaring. Kva dokumentasjon har statsråden på at forseinkingar og innstillingar faktisk skuldast jernbanereforma?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat