Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 11. des 2024

Innlegget
Eg har faktisk lytta gjennom sendinga ein gong til berre for å vera sikker, og der vart det faktisk sagt. Statsråden sa heilt rett, slik han òg seier no, at konkurranse ikkje verkar. No er det slik at me har bevis på at det verkar, det er ikkje berre noko Høgre påstår, men det er ikkje bevist at direktetildeling gjev eit betre tilbod til dei reisande til ein lågare pris. TØI-rapporten frå 2010 seier at konkurranse verkar – det har bidrege til lågare kostnader og betre tilbod. Ein fersk studie frå EU-kommisjonen viser òg til at konkurranse verkar – det gjev lågare pris, reduserte kostnader og auka kvalitet. Spørsmålet er då: Kan statsråden dokumentera sine påstandar om at konkurranse ikkje verkar?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat