Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. des 2024

Innlegget
Dagleg tikkar det inn pushvarsel på mobilen min frå nyheitsdesken til nasjonale medium: innstilte tog signalfeil feil på kommunikasjonssystem forseinkingar og kanselleringar Fleire tusen pendlarar står kvar dag på perrongen med hjartet i halsen: Vil eg rekka barnehagen, har eg ein backup dersom eg ikkje rekk heim til avtalt tid, vil nokon kunna steppa inn og ta mi vakt dersom eg kjem for seint på jobb? Kor mykje tidlegare må eg reisa heimanfrå for å vera sikker på å koma presis, og kven hentar ungen i SFO dersom toget er forseinka? Kan eg i det heile ta toget i dag, eller må eg ta bilen og berekna å stå lang tid i kø? I november var eitt av fire tog rundt Oslo forseinka. Kor mange passasjerar er det i eit togrush? Det er fleire tusen reisande som ikkje kjem fram tidsnok, kvar einaste dag. Me har hatt førti tusen timar med forseinkingar. Næringslivet tapar nesten 2 mrd. kr i året på at folk ikkje kjem på jobb. Kvart tredje godstog er forseinka, og transportørane vel veg framfor skjener, for dei må kunna stola på at varene kjem fram. Dette gjer noko med oss. Me kan ikkje ha eit kollektivsystem rundt Oslo som er så uføreseieleg, og som ikkje er til å stola på. Me brukar milliardar kvart år på jernbane, men når punktlegheita for kvart år vert verre, sluttar folk å stola på toget. For dei som ikkje har eit alternativ, aukar frustrasjonen for kvar dag som går, og for kvar dag ein vert ståande att på perrongen utan å få tilstrekkeleg informasjon, eller får beskjed om innstilling «inntil vidare», søkk truverdet til tog som eit alternativ. For eitt år sidan stod statsråden på perrongen og lova at punktlegheita og tilstanden innan togtrafikken skulle verta betre – det skulle verta betre enn i 2023, og det skulle verta betre enn i 2022. No har me svaret: Det har vorte verre. Bildet er samansett, og eg er sikker på at me gjennom denne debatten vil få ulike svar og nokre forklaringar frå statsråden, men det hjelper diverre ikkje dei som står på perrongen og frys. Me har vorte lova at det skulle verta betre, og at me på ny kan gjenvinna tilliten til tog som eit effektivt kollektivmiddel. Då statsråden stod og heldt togtalen for snart eit år sidan, er eg sikker på at han hadde både tankar og ambisjonar om korleis han skulle nå desse måla – at han hadde tankar om korleis han skulle få toget på sporet, eller på skjener. At det no er kome ein rapport som fortel korleis dette skal gjerast, og at departementet i førre veke kom ut med tiltak, er ei mager trøyst for dei som dagleg lurer på om toget skal gå. Det er fleire aktørar som her må jobba godt saman, men rapporten frå Jernbanedirektoratet er heilt tydeleg på at dei fleste forseinkingstimane kjem av feil på infrastruktur og mangel på togmateriell, altså forhold statsråden sjølv kan påverka gjennom eigarstyring. Me er sjølvsagt glade for at ein no går metodisk til verks og ser på moglege tiltak, men statsråden har styring over dei statlege selskapa Bane NOR og Norske tog, der han sit som øvste leiar av generalforsamlinga. Her nyttar det faktisk ikkje å peika nedover eller til sida. Kva har statsråden gjort dei siste tre åra for å betra situasjonen, og korleis har han brukt makta si som eigar? Me opplevde at statsråden starta sin karriere med å ta Spordrift AS tilbake til Bane NOR. Det naturlege spørsmålet er då: Er det vorte betre? Er tiltaket evaluert før ein held fram det ideologiske korstoget med å remonopolisera sektoren? Som statsråden bekrefta i spørjetimen i går, har han ingen dokumentasjon på at jernbanereforma har skuld i forseinkingar, kø og kaos som me i dag opplever, og han kunne heller ikkje leggja fram dokumentasjon på at konkurranse ikkje verkar. Kanskje tida no er inne for å sjå på litt andre tiltak? Me opplever at statsråden dei siste dagane har bekrefta at det ikkje er godt nok, at han ikkje er fornøgd med utviklinga, og at han ikkje har lukkast med lovnaden om meir punktlegheit. Slik sett har me kanskje allereie fått svar på hovudspørsmålet i interpellasjonen. Likevel: Kva vil togtalen i 2025 bringa? Når trur statsråden sjølv at det vil verta betre for dei reisande? Denne debatten vert løfta på vegner av oss alle som så inderleg ønskjer at toga igjen skal på skjener, og at me igjen kan stola på at toget er i rute, slik at me ikkje endar med at ein mister tillit til eit transportsystem som me kvart år bruker milliardar av kroner på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat