Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Lisa Marie Ness Klungland (Sp) [11:00:06] (ordførar for saka): Noreg har ein tradisjon for streng alkohollovgjeving, og lovgjevinga har teke utgangspunkt i dei skadelege effektane av alkohol. Føremålet er å avgrensa konsum og slik redusera skadar og problem som følgje av alkoholbruk. Eit særleg sterkt omsyn er å ta vare på menneske som er sårbare for å utvikla avhengigheit, samt å avgrensa tilgjengelegheita for unge. Hovudregelen er at sal av alkoholhaldig drikke over 4,7 pst. skal skje gjennom Vinmonopolet. Det finst berre eit avgrensa unntak for gardssal av sider, der minst ein tredjedel av innsatsvarene som gjev produktet sin karakter, skal vera eigenprodusert. Eg vil takka komiteen for samarbeidet, og eg går ut frå at dei respektive partia ønskjer å gjera til kjenne sine synspunkt. Senterpartiet ønskjer å leggja til rette for gardssal av lokalprodusert alkoholhaldig drikke, og me vil sjå på fleire moglegheiter for dette, men me er ikkje trygge på å implementera ei ordning som er føreslått i eit anna land, utan at ho er tilpassa norske forhold, det helsepolitiske aspektet ved alkohollovgjevinga og omsynet til Vinmonopolet si rolle. Viss den svenske modellen blir vurdert til å vera i samsvar med EU-retten, vil det òg vera mogleg å gjera nye vurderingar av den EØS-rettslege tilgangen til å utvida gardsutsal av eigenproduserte alkoholhaldige drikkevarer. Me i Senterpartiet og Arbeidarpartiet har i dag lagt fram eit forslag som seier: «Stortinget ber regjeringen om å gjennomføre en utredning for å avklare handlingsrommet for utvidede salgsmuligheter for alkoholprodukter for øl, sterkøl, vin og brennevin. Dette inkluderer gårdssalg, bryggeriutsalg og utredning av forbedringer i Taxfreeordningen. Utredningen skal ta utgangspunkt i at det er en forutsetning at Vinmonopolet består i sin nåværende form.» Med det tek eg opp forslaget.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat