Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Eg er ei ganske vanleg norsk dame som er veldig heldig å få vera på Stortinget akkurat no, så eg vil bruka denne anledninga. Eg har riktig nok to barn, noko som er litt meir enn gjennomsnittet i Noreg, men som dei fleste nordmenn bur eg i by, eg prøver å halda meg sunn og frisk, eg prøver å velja miljøvenleg når eg kan, eg prøver å laga ordentleg, norsk, sunn mat til ungane mine, og eg prøver å unngå miljøgifter. Som alle andre norske menn og kvinner klarer eg likevel ikkje å unngå miljøgiftene, for forureininga er overalt. Min hjerne er om lag 0,5 pst. rein plast. Det er nok òg hjernen til helseministeren og hjernen til alle andre representantar her inne, viss dei er sånn cirka gjennomsnittlege. Eg ammar framleis dottera mi på eitt år, men det burde eg kanskje ikkje gjera, for forsking viser at miljøgifter hopar seg opp i kroppane våre, og ein del kvinner har så mykje miljøgifter og giftstoff i mjølka si at dei antakeleg ikkje burde amma barna. Nokre optimistar trudde kanskje at me hadde løyst miljøproblema då plastskeia på Go' Morgen-yoghurten vart bytta ut med ein irriterande trepinne. Dessverre er det ikkje heilt sånn verda fungerer. Plastproblemet er i full eksplosjon. Mesteparten av all plast som nokon sinne er produsert, er laga i mi levetid, og produksjonen ligg an til å doblast innan 2050, lenge før dottera mi er like gamal som eg er no. Mikroplastutfordringane gjer inntrykk på meg som både politikar, miljøaktivist og mor. Dette er eit veldig sterkt undervurdert helseproblem og fortener ein langt meir målretta politisk innsats enn i dag. Difor er eg glad for å kunna ta opp dette med helseministeren i dag. Eg håpar på breitt engasjement i salen, og eg håpar på eit sterkt engasjement frå helseministeren i tida framover. Framtidas folkehelse er avhengig av at myndigheitene ikkje berre fokuserer på behandling av helseproblem som allereie har oppstått, men at ein tek store grep for å førebyggja dei nye store helseutfordringane. Mikroplast og andre miljøgifter er på lang sikt ein kritisk trussel mot liv og helse som krev kanskje like stor merksemd og handlekraft som akutte problem knytt til helsekøar og sjukehusstruktur. Om me greier å førebyggja skikkeleg, sparar me ikkje berre milliardar av kroner, men me gjev òg veldig mange menneske betre, lengre og rikare liv, noko som er endå viktigare. Mikroplast er dessverre overalt. I går kunne Miljødirektoratet melda at resultat frå norsk miljøovervaking viser overraskande funn av partiklar frå bl.a. bildekk i regnvatn på Svalbard. Forskarar meiner at dette ikkje stammar frå bilkøyring på Svalbard, noko det er veldig lite av, men at det kjem langvegsfrå med lufta, før det fell ned med regnet. Det betyr at det ikkje finst nokon plassar å gøyma seg frå plasten – ikkje for dyr, ikkje for menneske. Partiklane er så små at dei trengjer inn over alt: i hjernen, i morkaka, i blodårer, i alle organ. Desse ørsmå partiklane inneheld skadelege stoff og vert verande lenge i miljøet utan å verta brotne ned. Mikroplast frå bildekk inneheld mange forskjellige organiske stoff og tungmetall, og det har vist seg at dekk kan innehalda så mykje som 800 ulike kjemikaliar. Det er usikkert kva slags effekt desse har på helsa vår, men forskarar er bekymra for at det kan påverka f.eks. lunge og hjarte negativt. Likevel vert det gjort lite for å beskytta nordmenn, særleg dei yngste. Myndigheitene har ansvar for å verna oss, men i dag er ansvaret i praksis opp til kvar enkelt innbyggjar, fordi myndigheitene ikkje tek grep. Vanlegvis er det sånn at når ein har eit alvorleg problem, set ein seg ned og lagar ein plan for å løysa det. I denne saka må me ta for oss kjeldene til mikroplastforureining, og me må sørgja for å redusera og helst stansa den forureininga. Den største kjelda til mikroplast her i landet er bildekk. Dekka står for 41 pst. av dei utsleppa av mikroplast som skjer på land. Den nest største kjelda er gummigranulat frå kunstgrasbaner, som står for 29 pst. av utsleppa. I tillegg kjem forsøpling, slitasje frå skip, oljeplattformar og oppdrettsnæring, som er store kjelder. For helsa vår og barna våre er ofte kjøkkenutstyr, klede og leiker nokre av dei største trugslane. Det hastar å beskytta naturen og helsa vår. Det krev handlekraft, nytenking og tydelege politiske grep. Eg ser fram til å høyra om regjeringa har ein plan for dette.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat