Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Takk til helseministeren for responsen. Det er bra at regjeringa er oppmerksam på problemstillinga, og at dei jobbar internasjonalt. Eg er likevel bekymra for om dette vil verta følgt opp raskt nok og med stor nok kraft. Det skjer for lite, og det skjer for seint. Eg er glad helseministeren i dag er tydeleg på at han er einig med oss i at me må gjera alt det me kan for å redusera plastforureininga. Me i Miljøpartiet Dei Grøne har ein del forslag som eg håpar statsråden vil vurdera. For det første trengst det openbert forbod mot unødvendig eingongsplast og å gjera alternativa tilgjengelege og rimelege gjennom f.eks. å prissetja den fossile plasten riktig. Det trengst eit oppgjer med den skadelege fossilbransjen. I dag tener oljebransjen store pengar, ikkje berre på å koka kloden, men gjennom å laga enorme mengder unødvendig plast som kveler hava våre og forureinar kroppane våre. Når det gjeld den største utsleppskjelda, nemleg biltrafikken, må ein slutta å leggja til rette for meir og meir biltrafikk, slik regjeringa dessverre framleis gjer. Overgangen til elbilar kjem ikkje til å løysa problemet med mikroplastutslepp, snarare tvert imot. Tunge batteripakkar gjev meir slitasje på dekk og auka utslepp. Her treng me både ei stor satsing på betre dekk med lågare utslepp eller nedbrytbare materiale, og ikkje minst treng me ein ny samferdselspolitikk som erkjenner at miljøbelastninga av dagens vegtrafikk er heilt uakseptabel, og som faktisk får ned trafikken. Det vil løysa mange folkehelseproblem på ein gong. I byane våre veks no tusenvis av barn opp i område med skadeleg luft og støy på grunn av trafikken. På bygda har barn dobbelt så stor fare for overvekt fordi det er ein bilkultur der, og det er vanskeleg å sykla og gå trygt dit ein skal. Når det gjeld utsleppa frå kunstgrasbaner, har Miljøpartiet Dei Grøne jobba nasjonalt og lokalt i mange år for å stansa utbygging av sånne baner. Utsleppa frå banene er enorme, og ungane som spelar på dei, vert eksponerte for vanvitige mengder usunn plast. Dei rullar seg bokstaveleg talt i miljøgifter. Regjeringa bør snarast mogleg få på plass ei raus tilskotsordning for overgang til andre løysingar enn kunstgras. Etablering av nye baner må omgåande verta forbode. Me ser det her i Oslo, at ein stadig vekk lagar politiske fleirtal som vedtek å byggja nye sånne baner, stikk i strid med all kunnskap. I tillegg treng me tiltak som treffer dei mest helseskadelege mikroplastutsleppa direkte, og då tenkjer eg særleg på ungane våre. Me må få vekk produkt i plast som er retta mot barn, anten det er matemballasje som vert varma opp i mikroen, og som lek store mengder miljøgifter rett ut i maten, eller det er leiker ungane puttar i munnen, eller produkt dei drikk frå. Eg og Miljøpartiet Dei Grøne har erklært krig mot plast, og me inviterer med dette regjeringa til å verta med i kampen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 12. des 2024 — OverStortinget