Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. des 2024
Innlegget
Det er uventa, dette, det er min første interpellasjon, så takk til helseministeren og til alle for moglegheita. Som helseministeren er inne på, er det veldig leitt at det endå ikkje har kome på plass ein internasjonal plastavtale, og det er veldig mykje som gjenstår. Ein av dei største farane er om verda endar med eit rammeverk som eigentleg ikkje forpliktar land til å gjera noko som helst. Ein Parisavtale for plastforsøpling kan kanskje høyrast positivt ut, men viss ein spolar tilbake og hugsar på at det tok 23 år frå rammekonvensjonen vart vedteken, til Parisavtalen kom, så er det ganske skremmande. Endå viktigare er det at me ikkje endar opp med endå ein internasjonal miljøavtale som berre forpliktar land til å gjera det dei sjølve trur er lurt og har lyst til. Det er ikkje sånn me løyser problema til kloden. Som eg var inne på i stad: I løpet av den tida vil plastproblemet på kloden vera fordobla. Allereie er det strender i Ghana, t.d., der ein ikkje lenger ser sanden fordi han er dekt av plastklede, eksporterte frå vestlege land – heilt unødvendig produksjon av plastklede som knapt vert brukte før dei vert sende verda rundt og endar som eit enormt miljøproblem på strender i u-land. Til slutt: Noreg er nøydd til å bidra med ressursar og pengar til det internasjonale arbeidet med ein global plastavtale, ikkje berre til forhandlingane, som ein i stor grad har gjort til no, men til framtidig implementering. Sjølv om fokuset bør vera på å finna kostnadseffektive løysingar, vil det kosta pengar å dreia den globale økonomien bort frå eit vanvitig overforbruk og ein avhengnad av eingongsprodukt og andre varer som genererer forsøpling, og det spleiselaget må Noreg vera med på. Det er i vår eigeninteresse, og det er heilt vesentleg viss me skal klara ikkje å drepa både hava og våre eigne kroppar i åra som kjem.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat