Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. des 2024
Innlegget
Det er altså tre år sidan regjeringa fyrst varsla om ein samtykkelov. To år har gått sidan Straffelovrådet la fram sitt forslag, men sidan har saka lege og støva ned hos Justisdepartementet. No byrjar det å verta kritisk å få ein reell samtykkelov på plass viss det skal skje i denne stortingsperioden. For kvar dag som går, risikerer me at ein ny person ikkje får si overgrepssak behandla etter prinsippet om at berre ja er ja. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, forkorta NKVTS, har vist at éi av fem kvinner i Noreg har vore utsett for valdtekt minst éin gong i livet – éi av fem. Ein, to, tre, fire, fem – alle kjenner me nokon som har vorte utsett for valdtekt, eller me er sjølve ein som har vorte utsett for valdtekt. I tillegg har 3 pst. av menn i Noreg vore utsette for valdtekt. Ifølgje rapporten til NKVTS er det ingenting som tyder på at førekomsten av valdtekt har gått ned over tid. Yngre kvinner rapporterer ikkje om færre tilfelle av valdtekt før fylte 18 år samanlikna med eldre kvinner. FNs menneskerettskomité har uttrykt bekymring for den høge førekomsten av valdtekt i Noreg og har bl.a. anbefalt at definisjonen av valdtekt vert endra. Det haster difor å få på plass ein reell samtykkelov i Noreg, og når eg seier «reell samtykkelov», meiner eg reell. Eg vert bekymra av det som ligg i bordet frå Straffelovrådet, og eg vert bekymra av at justisministeren ikkje kan vera tydelegare på at det vert ein lov etter prinsippet om at berre ja er ja. Etter dagens straffelov er valdtekt definert som det å skaffa seg seksuell omgang «ved vold eller truende atferd», eller ved å ha seksuell omgang med nokon som er «bevisstløs eller av andre grunner ute av stand til å motsette seg handlingen». Dersom overgripar ikkje har brukt vald eller truande åtferd for å oppnå den seksuelle omgangen, og overgripar heller ikkje har utnytta at den utsette var i ein svekt tilstand, eller at overgripar sjølv var i eit overmaktsforhold, vil det ikkje omfattast av valdtektsbestemminga, sjølv om det ikkje var frivillig samtykkande sex. Lagmannsretten har f.eks. uttalt om valdtektsbestemminga: «Det er ikke tilstrekkelig for domfellelse etter bestemmelsen at fornærmede ikke har samtykket, vridde seg unna, eller sa stopp.» Dette held ikkje. All sex skal vera frivillig. Å bestemma over sin eigen kropp og seksualitet er ein menneskerett, og det vert ikkje gjenspegla i dagens straffelov. Noregs definisjon av valdtekt harmonerer i tillegg dårleg med Europarådets Istanbul-konvensjon, som Noreg har signert og forplikta seg til. Etter konvensjonen skal straffeloven definera seksuelle overgrep, inkludert valdtekt, gjennom mangel på samtykke. Det bør òg følgja av Noreg sin straffelov. No fryktar eg at prosessen for ein ny samtykkelov vert trenert, og at forslaget kjem for seint til at det vert ei skikkeleg realitetsbehandling. Det er difor eg no vil spørja justis- og beredskapsministeren: Når kjem statsråden til å leggja fram ein reell samtykkelov som er i samsvar med Noregs menneskerettslege forpliktingar og anbefalingar frå GREVIO, Europarådets ekspertkomité for Istanbul-konvensjonen? Korleis kan statsråden garantera at den nye valdtektsbestemminga faktisk legg mangel på eit fritt gjeve samtykke til grunn?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat